شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Jordmor 100% fast stilling i Vågå kommune

Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste

مكان العمل
VÅGÅ، INNLANDET
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
02‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Ledig frå 01.01.27 52 % interkommunal jordmorvakt og 48 % kommunal svangerskapsomsorg Vil du vere med og utvikle eit godt og framtidsretta jordmortenestetilbod i regionen? Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig jordmor til ei spennande kombinert stilling med arbeid både innan kommunal svangerskapsomsorg og interkommunal jordmorvakt. Om stillinga Stillinga er delt mellom: 52 % interkommunal jordmorvakt, der du inngår i vaktordning for følgjeteneste og beredskap for gravide og fødande. 48 % kommunal svangerskapsomsorg, med oppfølging av gravide, førebyggjande arbeid og tverrfagleg samarbeid. Stillinga er ein del av Helsestasjon og skulehelsetenesta med kontor i 2. etasje på Vågå helsesenter. Du vil få ein variert arbeidskvardag med høve til å følgje kvinner og familiar gjennom svangerskap, fødsel og barseltid. Arbeidsoppgåver Svangerskapsomsorg i tråd med nasjonale retningsliner Individuelle konsultasjonar og oppfølging av gravide og nyfødte Ammekyndig oppfølging og barselarbeid Foreldre- førebuande kurs Heimebesøk og oppfølging etter fødsel Dokumentasjon i fagsystem Infodoc Deltaking i tverrfagleg samarbeid med fastlegar, helsestasjon, spesialisthelseteneste og andre relevante samarbeidspartnarar Deltaking i interkommunal jordmorvakt og følgjeteneste Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som jordmor Erfaring frå svangerskaps- og barselomsorg er ynskjeleg, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Relevant klinisk erfaring er ønskjeleg God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Førarkort klasse B Erfaring frå svangerskapsomsorg og følgjeteneste er ein fordel Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som: Er fagleg trygg og sjølvstendig Har gode samarbeidsevner Er fleksibel og løysingsorientert Har god evne til kommunikasjon og relasjonsbygging Bidreg til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering Vi tilbyr Ei meiningsfull og utfordrande stilling Varierte arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag Dyktige og engasjerte kollegaer Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir stilt krav om politiattest før tiltreding.
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.