Postdoktorstilling i generering av syntetiske data ved AI LEARN
Universitetet i Bergen
- مكان العمل
- BERGEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 18/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsKIng og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling Ved Center for the Science of LEARNing & Technology (SLATE), Det psykologiske fakultetet, er det ledig ei stilling som postdoktor innan personvernbevarande teknologi og syntetiske data, med særleg vekt på ansvarleg deling og utveksling av data. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til KI-senteret AI LEARN.
Om AI LEARNAI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og masKInar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsKIng, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 34 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.
Seks nasjonale forsKIngssenter for kunstig intelligens starta opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentra er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra gjennom Forskningsrådet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Denne postdoktorstillinga er knytt til klyngja for teknologiske framsteg ved AI LEARN-senteret, ei klyngje av prosjekt som skal møte det avgjerande behovet for avansert, menneskesentrert KI-teknologi for å styrkje menneskeleg læring. Målet med denne klyngja er å undersøkje korleis avansert, menneskesentrert KI-teknologi kan vidareutviklast for å styrkje menneskeleg læring, mellom anna ved å utforme, utvikle og evaluere system og modellar som fremjar læring gjennom KI-teknologi.
Postdoktoren skal bidra til klyngja for teknologiske framsteg ved å vidareutvikle generering av syntetiske data som ein sentral del av forsKInga på personvernbevarande teknologi ved AI LEARN. Arbeidet vil omfatte utvikling, evaluering og validering av metodar for generering av syntetiske data som gjer det mogleg å dele og utveksle data på ein sikker og tillitvekkjande måte til læringsføremål. Postdoktoren skal utforme tilnærmingar som sikrar høg nytteverdi av data, samstundes som risikoen for reidentifisering og personvernlekkasje vert redusert på ein grundig og systematisk måte. Arbeidet til postdoktoren skal bidra til å byggje tillit i samfunnet gjennom bruk av syntetiske data og støtte kasusstudiar som gjev industripartnarane våre personvernbevarande løysingar for å teste og forbetre lærings- og utdanningsteknologi utan å vere avhengige av reelle data.
Det er venta at du samarbeider med eit team (andre ph.d.-kandidatar, postdoktorar og forskarar) for å tilføre nye perspektiv. Rettleiaren for postdoktoren er førsteamanuensis Mohammad Khalil. Ta kontakt med han for meir informasjon om prosjektet.
Om arbeidsoppgåvene:
Det som blir tilsett skal delta i klyngja for teknologiske framsteg ved senteret.
Vi søkjer ein høgt motivert person som ønskjer å utmerkje seg i eit forsKIngsmiljø. Dei sentrale arbeidsoppgåvene og ansvarsområda omfattar mellom anna å:
utvikle og evaluere nye modellar for syntetiske data i utdanningskontekstar
validere modellar for generering av syntetiske data saman med AI LEARN-partnarar
publisere forsKIng i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift, formidle forsKIngsresultat og delta på vitskaplege konferansar
bidra til utviklinga av forsKIngsmiljøet gjennom aktiv deltaKIng i klyngje 2 og bidra til fellesskapet ved senteret.
delta i formidlings- og kommunikasjonsaktivitetar innan AI LEARN
bidra aktivt til forsKIngsmiljøet ved senteret
Det er venta at den som blir tilsett, bur og arbeider i Bergen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:Du må:
ha oppnådd doktorgrad i informatikk, kunstig intelligens, informasjonstryggleik, læringsanalyse, statistikk eller tilgrensande fagområde, eller ha levert doktorgradsavhandlinga til vurdering innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
ha sterke programmeringsferdigheiter, helst i Python og/eller R, og erfaring med programvareutvikling i samarbeid med andre og versjonskontroll (t.d. Git)
ha solid kunnskap om masKInlæring, statistisk læring, dataanalyse, generativ modellering eller nærskylde berekningsmetodar
ha dokumentert forsKIngsinteresse for personvern, ansvarleg datadeling, påliteleg KI eller personvernbevarande teknologi
ha gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg engelsk
arbeide sjølvstendig og strukturert og vise svært gode samarbeidsevner
Det er ein føremon om du har:
erfaring med generering av syntetiske data, cybertryggleik, differensielt personvern, føderert læring, anonymisering og/eller desentraliserte modellar for datadeling
erfaring med KI i utdanning eller læringsanalyse
Om postdoktorstillinga:Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling med det primære målet å utvikle forsKIngsprofilen og kompetansen din slik at du kan søkje ei stilling som førsteamanuensis. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Det må leverast ei førebels prosjektsKIsse på 4–6 sider (inkludert referanseliste) (sjå nedanfor for nærare informasjon). Dersom du vert tilsett i stillinga, skal prosjektforslaget ferdigstillast i samråd med prosjektleiaren (i dette tilfellet Mohammad Khalil). Det er eit krav at prosjektet vert fullført i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som postdoktor (kode 1352) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 685 900 brutto. Vidare lønsauke skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg høgt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:Eit motivasjonsbrev med ei kort utgreiing om forsKIngsinteressene dine og motivasjonen din for å søkje stillinga (1–2 sider).
CV.
Forslag til prosjektsKIsse (maks 6 sider). Forslaget skal presentere ei original og tydeleg grunngjeven forsKIngsretning innanfor rammene av postdoktorstillinga. Det skal identifisere eit relevant kunnskapshol, forklare korleis det føreslåtte arbeidet går ut over eksisterande tilnærmingar, definere forsKIngsmåla og sKIssere den metodiske, tekniske og utdanningsfaglege tilnærminga. Søkjarane skal tydeleg beskrive dei venta vitskaplege og praktiske bidraga, mellom anna kva som er nyskapande i forslaget, og kvifor dette er viktig for generering av syntetiske data og personvernbevarande datadeling innan AI LEARN. Forslaget skal òg forklare korleis det føreslåtte arbeidet kan validerast saman med relevante AI LEARN-partnarar. Det vil verte lagt særleg vekt på originalitet, vitskapleg ambisjon, metodisk soliditet og den potensielle verknaden av den føreslåtte forsKInga. Forslaget må spegle det intellektuelle bidraget til søkjaren sjølv; det vert frårådd å levere forslag som i vesentleg grad er genererte ved hjelp av generativ KI.
Karakterutskrifter og vitnemål for master- og doktorgrad. Dersom du ikkje har fullført doktorgraden, må du leggje ved ei offisiell stadfesting på at doktorgradsavhandlinga di er levert til vurdering.
Ei lenkje til GitHub-profilen din (eller eit liknande kodelager), dersom du har dette.
Kopiar av inntil 3 vitskaplege publikasjonar som skal inngå i vurderinga.
Fullstendig publikasjonsliste.
Namn og kontaktinformasjon til tre referansepersonar; éin av desse må vere hovudrettleiaren for doktorgradsavhandlinga.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Førsteamanuensis Mohammad Khalil, SLATE, mohammad.khalil@uib.no
Praktiske spørsmål om søknadsprosessen skal rettast til:
administrasjonssjef ved AI LEARN Jorunn Viken, jorunn.viken@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
النص الأصلي للإعلان
Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling Ved Center for the Science of Learning & Technology (SLATE), Det psykologiske fakultetet, er det ledig ei stilling som postdoktor innan personvernbevarande teknologi og syntetiske data, med særleg vekt på ansvarleg deling og utveksling av data. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til KI-senteret AI LEARN.
Om AI LEARNAI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 34 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.
Seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens starta opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentra er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra gjennom Forskningsrådet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Denne postdoktorstillinga er knytt til klyngja for teknologiske framsteg ved AI LEARN-senteret, ei klyngje av prosjekt som skal møte det avgjerande behovet for avansert, menneskesentrert KI-teknologi for å styrkje menneskeleg læring. Målet med denne klyngja er å undersøkje korleis avansert, menneskesentrert KI-teknologi kan vidareutviklast for å styrkje menneskeleg læring, mellom anna ved å utforme, utvikle og evaluere system og modellar som fremjar læring gjennom KI-teknologi.
Postdoktoren skal bidra til klyngja for teknologiske framsteg ved å vidareutvikle generering av syntetiske data som ein sentral del av forskinga på personvernbevarande teknologi ved AI LEARN. Arbeidet vil omfatte utvikling, evaluering og validering av metodar for generering av syntetiske data som gjer det mogleg å dele og utveksle data på ein sikker og tillitvekkjande måte til læringsføremål. Postdoktoren skal utforme tilnærmingar som sikrar høg nytteverdi av data, samstundes som risikoen for reidentifisering og personvernlekkasje vert redusert på ein grundig og systematisk måte. Arbeidet til postdoktoren skal bidra til å byggje tillit i samfunnet gjennom bruk av syntetiske data og støtte kasusstudiar som gjev industripartnarane våre personvernbevarande løysingar for å teste og forbetre lærings- og utdanningsteknologi utan å vere avhengige av reelle data.
Det er venta at du samarbeider med eit team (andre ph.d.-kandidatar, postdoktorar og forskarar) for å tilføre nye perspektiv. Rettleiaren for postdoktoren er førsteamanuensis Mohammad Khalil. Ta kontakt med han for meir informasjon om prosjektet.
Om arbeidsoppgåvene:
Det som blir tilsett skal delta i klyngja for teknologiske framsteg ved senteret.
Vi søkjer ein høgt motivert person som ønskjer å utmerkje seg i eit forskingsmiljø. Dei sentrale arbeidsoppgåvene og ansvarsområda omfattar mellom anna å:
utvikle og evaluere nye modellar for syntetiske data i utdanningskontekstar
validere modellar for generering av syntetiske data saman med AI LEARN-partnarar
publisere forsking i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift, formidle forskingsresultat og delta på vitskaplege konferansar
bidra til utviklinga av forskingsmiljøet gjennom aktiv deltaking i klyngje 2 og bidra til fellesskapet ved senteret.
delta i formidlings- og kommunikasjonsaktivitetar innan AI LEARN
bidra aktivt til forskingsmiljøet ved senteret
Det er venta at den som blir tilsett, bur og arbeider i Bergen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:Du må:
ha oppnådd doktorgrad i informatikk, kunstig intelligens, informasjonstryggleik, læringsanalyse, statistikk eller tilgrensande fagområde, eller ha levert doktorgradsavhandlinga til vurdering innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
ha sterke programmeringsferdigheiter, helst i Python og/eller R, og erfaring med programvareutvikling i samarbeid med andre og versjonskontroll (t.d. Git)
ha solid kunnskap om maskinlæring, statistisk læring, dataanalyse, generativ modellering eller nærskylde berekningsmetodar
ha dokumentert forskingsinteresse for personvern, ansvarleg datadeling, påliteleg KI eller personvernbevarande teknologi
ha gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg engelsk
arbeide sjølvstendig og strukturert og vise svært gode samarbeidsevner
Det er ein føremon om du har:
erfaring med generering av syntetiske data, cybertryggleik, differensielt personvern, føderert læring, anonymisering og/eller desentraliserte modellar for datadeling
erfaring med KI i utdanning eller læringsanalyse
Om postdoktorstillinga:Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling med det primære målet å utvikle forskingsprofilen og kompetansen din slik at du kan søkje ei stilling som førsteamanuensis. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Det må leverast ei førebels prosjektskisse på 4–6 sider (inkludert referanseliste) (sjå nedanfor for nærare informasjon). Dersom du vert tilsett i stillinga, skal prosjektforslaget ferdigstillast i samråd med prosjektleiaren (i dette tilfellet Mohammad Khalil). Det er eit krav at prosjektet vert fullført i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som postdoktor (kode 1352) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 685 900 brutto. Vidare lønsauke skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg høgt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:Eit motivasjonsbrev med ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen din for å søkje stillinga (1–2 sider).
CV.
Forslag til prosjektskisse (maks 6 sider). Forslaget skal presentere ei original og tydeleg grunngjeven forskingsretning innanfor rammene av postdoktorstillinga. Det skal identifisere eit relevant kunnskapshol, forklare korleis det føreslåtte arbeidet går ut over eksisterande tilnærmingar, definere forskingsmåla og skissere den metodiske, tekniske og utdanningsfaglege tilnærminga. Søkjarane skal tydeleg beskrive dei venta vitskaplege og praktiske bidraga, mellom anna kva som er nyskapande i forslaget, og kvifor dette er viktig for generering av syntetiske data og personvernbevarande datadeling innan AI LEARN. Forslaget skal òg forklare korleis det føreslåtte arbeidet kan validerast saman med relevante AI LEARN-partnarar. Det vil verte lagt særleg vekt på originalitet, vitskapleg ambisjon, metodisk soliditet og den potensielle verknaden av den føreslåtte forskinga. Forslaget må spegle det intellektuelle bidraget til søkjaren sjølv; det vert frårådd å levere forslag som i vesentleg grad er genererte ved hjelp av generativ KI.
Karakterutskrifter og vitnemål for master- og doktorgrad. Dersom du ikkje har fullført doktorgraden, må du leggje ved ei offisiell stadfesting på at doktorgradsavhandlinga di er levert til vurdering.
Ei lenkje til GitHub-profilen din (eller eit liknande kodelager), dersom du har dette.
Kopiar av inntil 3 vitskaplege publikasjonar som skal inngå i vurderinga.
Fullstendig publikasjonsliste.
Namn og kontaktinformasjon til tre referansepersonar; éin av desse må vere hovudrettleiaren for doktorgradsavhandlinga.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Førsteamanuensis Mohammad Khalil, SLATE, mohammad.khalil@uib.no
Praktiske spørsmål om søknadsprosessen skal rettast til:
administrasjonssjef ved AI LEARN Jorunn Viken, jorunn.viken@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.