شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Forskingsassistent

Divisjon psykisk helsevern/ Forskingsavdelinga, Helse Bergen HF

مكان العمل
BERGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
18‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
عقد مؤقت
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Forskingsavdelinga ved Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus (hus), har ei eittårig forskarassistentstilling ledig. Gene-to-Circuit Laboratory er ein del av Bergen Psychosis Research Group og er lokalisert ved Bergen Center for Medical Stem Cell Research ved hus og Universitetet i Bergen. Laboratoriet vert leia av Novin Balafkan og Sadaf Ghorbani. Forskinga vår handlar om korleis genetiske variantar påverkar genregulerande og cellulære nettverk i svært tidlege utviklingsfasar. Vi følgjer desse prosessane frå genom til fenotype ved hjelp av modellar baserte på humane stamceller, funksjonell genomikk med CRISPR-teknologi og enkeltcelleprofilering. I denne stillinga vil du i hovudsak arbeide med CONVERGE, eit prosjekt finansiert av Forskingsrådet. CONVERGE undersøkjer korleis risikogen for nevroutviklingsforstyrringar og medfødde hjartesjukdomar påverkar den normale utviklinga av hjerne- og hjarteceller. Målet vårt er å kartleggje kva gen som styrer desse biologiske nettverka i dei ulike celletypane, korleis risikovariantane påverkar dei på tvers av vev, og kvar det kan vere mogleg å setje inn tiltak for å gjenopprette normal funksjon. ArbeidsoppgåverVedlikehalde og vidareutvikle humane pluripotente stamcellelinjer (hPSC) og utføre rutinemessig cellekulturarbeid Gjennomføre nevrale og kardiale differensieringar i både 2D-kulturar og 3D-modellar, som til dømes organoidar Bidra til CRISPR-screeningar og Perturb-seq-eksperiment ved å utføre lentiviral transduksjon og seleksjon i tråd med rutinane for biologisk tryggleiksnivå 2 (BSL-2), samt cellehausting, flowcytometri og førebuing av prøvar til DNA-sekvensering, enkeltcelle- og bulk-rna-sekvensering og ATAC-sekvensering Registrere og vurdere den elektriske aktiviteten i nevron og kardiomyocyttar ved hjelp av multielektrodearray (MEA) Bidra til kvalitetskontroll og innleiande analyse av data frå MEA og enkeltcelle-rna-sekvensering Medverke til den daglege drifta av laboratoriet, mellom anna gjennom innkjøp, lagerstyring og oppfølging av rutinar innan helse, miljø og tryggleik (HMT) KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjonar: Mastergrad i molekylærbiologi, bioteknologi, bioingeniørfag, biomedisinsk laboratorievitskap eller tilsvarande fagområde. Utdanninga må vere fullført innan søknadsfristen Praktisk erfaring med cellekultur og elektrofysiologiske analysar God munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk Det er ein fordel om du har: Erfaring med dyrking av humane pluripotente stamceller (hPSC) eller retta differensiering av stamceller Erfaring med MEA-registreringar eller analyse av data frå MEA og enkeltcelle-rna-sekvensering, til dømes ved bruk av Python eller R Erfaring med ekstraksjon av DNA eller rna, PCR eller qPCR, flowcytometri, arbeid med lentivirus eller CRISPR-basert genredigering Personlege eigenskaparVi søkjer ein kandidat som: arbeider strukturert, nøyaktig og med høg kvalitet i gjennomføringa av arbeidsoppgåver har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide i tverrfaglege forskingsmiljø er sjølvstendig, initiativrik og tek ansvar for eigne oppgåver er motivert for å lære nye metodar og tileigne seg ny kompetanse kommuniserer godt og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø er fleksibel og kan tilpasse seg endringar i prioriteringar og arbeidsoppgåver Vi tilbyrEit spennande og tverrfagleg forskingsmiljø med høg vitskapleg kompetanse Opplæring i dyrking av humane pluripotente stamceller (hPSC), stamcelledifferensiering og arbeidsflytar knytte til CRISPR-screening Høve til å vere med på å byggje opp eit nytt stamcellelaboratorium ved eit forskingssenter der forskingsgrupper frå Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen arbeider tett saman Eit inkluderande og internasjonalt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter avtale i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonNovin Balafkan, Prosjektleiar, novin.balafkan@helse-Bergen.no Per-Christian Tang Pedersen, Seksjonsleiar, 55958490, per-christian.tang.pedersen@helse-Bergen.no Trude Merete Ramberg, Avdelingssjef, trude.merete.ramberg@helse-Bergen.no ArbeidsstadJonas Lies vei 91 5009 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5181802865 Stillingsprosent: 100% Engasjement Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 18.10.2026
النص الأصلي للإعلان
Forskingsavdelinga ved Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus (HUS), har ei eittårig forskarassistentstilling ledig. Gene-to-Circuit Laboratory er ein del av Bergen Psychosis Research Group og er lokalisert ved Bergen Center for Medical Stem Cell Research ved HUS og Universitetet i Bergen. Laboratoriet vert leia av Novin Balafkan og Sadaf Ghorbani. Forskinga vår handlar om korleis genetiske variantar påverkar genregulerande og cellulære nettverk i svært tidlege utviklingsfasar. Vi følgjer desse prosessane frå genom til fenotype ved hjelp av modellar baserte på humane stamceller, funksjonell genomikk med CRISPR-teknologi og enkeltcelleprofilering. I denne stillinga vil du i hovudsak arbeide med CONVERGE, eit prosjekt finansiert av Forskingsrådet. CONVERGE undersøkjer korleis risikogen for nevroutviklingsforstyrringar og medfødde hjartesjukdomar påverkar den normale utviklinga av hjerne- og hjarteceller. Målet vårt er å kartleggje kva gen som styrer desse biologiske nettverka i dei ulike celletypane, korleis risikovariantane påverkar dei på tvers av vev, og kvar det kan vere mogleg å setje inn tiltak for å gjenopprette normal funksjon. ArbeidsoppgåverVedlikehalde og vidareutvikle humane pluripotente stamcellelinjer (hPSC) og utføre rutinemessig cellekulturarbeid Gjennomføre nevrale og kardiale differensieringar i både 2D-kulturar og 3D-modellar, som til dømes organoidar Bidra til CRISPR-screeningar og Perturb-seq-eksperiment ved å utføre lentiviral transduksjon og seleksjon i tråd med rutinane for biologisk tryggleiksnivå 2 (BSL-2), samt cellehausting, flowcytometri og førebuing av prøvar til DNA-sekvensering, enkeltcelle- og bulk-RNA-sekvensering og ATAC-sekvensering Registrere og vurdere den elektriske aktiviteten i nevron og kardiomyocyttar ved hjelp av multielektrodearray (MEA) Bidra til kvalitetskontroll og innleiande analyse av data frå MEA og enkeltcelle-RNA-sekvensering Medverke til den daglege drifta av laboratoriet, mellom anna gjennom innkjøp, lagerstyring og oppfølging av rutinar innan helse, miljø og tryggleik (HMT) KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjonar: Mastergrad i molekylærbiologi, bioteknologi, bioingeniørfag, biomedisinsk laboratorievitskap eller tilsvarande fagområde. Utdanninga må vere fullført innan søknadsfristen Praktisk erfaring med cellekultur og elektrofysiologiske analysar God munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk Det er ein fordel om du har: Erfaring med dyrking av humane pluripotente stamceller (hPSC) eller retta differensiering av stamceller Erfaring med MEA-registreringar eller analyse av data frå MEA og enkeltcelle-RNA-sekvensering, til dømes ved bruk av Python eller R Erfaring med ekstraksjon av DNA eller RNA, PCR eller qPCR, flowcytometri, arbeid med lentivirus eller CRISPR-basert genredigering Personlege eigenskaparVi søkjer ein kandidat som: arbeider strukturert, nøyaktig og med høg kvalitet i gjennomføringa av arbeidsoppgåver har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide i tverrfaglege forskingsmiljø er sjølvstendig, initiativrik og tek ansvar for eigne oppgåver er motivert for å lære nye metodar og tileigne seg ny kompetanse kommuniserer godt og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø er fleksibel og kan tilpasse seg endringar i prioriteringar og arbeidsoppgåver Vi tilbyrEit spennande og tverrfagleg forskingsmiljø med høg vitskapleg kompetanse Opplæring i dyrking av humane pluripotente stamceller (hPSC), stamcelledifferensiering og arbeidsflytar knytte til CRISPR-screening Høve til å vere med på å byggje opp eit nytt stamcellelaboratorium ved eit forskingssenter der forskingsgrupper frå Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen arbeider tett saman Eit inkluderande og internasjonalt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter avtale i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonNovin Balafkan, Prosjektleiar, novin.balafkan@helse-bergen.no Per-Christian Tang Pedersen, Seksjonsleiar, 55958490, per-christian.tang.pedersen@helse-bergen.no Trude Merete Ramberg, Avdelingssjef, trude.merete.ramberg@helse-bergen.no ArbeidsstadJonas Lies vei 91 5009 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5181802865 Stillingsprosent: 100% Engasjement Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 18.10.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.