Vikariat helsefagarbeider 100%
Alver kommune
- مكان العمل
- ALVER، OSTEREIDET، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 19/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om stillingaVi har ledig eit 100 % vikariat som helsefagarbeidar i perioden november 2026 til april 2027. Det kan vere moglegheit for forlenging av vikariatet ved behov.
ArbeidsoppgåverEr du klar for ein variert kvardag med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling? Hos oss vil du få moglegheita til å hjelpe brukarar med personleg hygiene, forflytting og måltid, samt observere og rapportere endringar i brukarar sin helsetilstand til relevante fagpersonar. Vi verdset tverrfagleg samarbeid og jobbar tett med ulike fagmiljø for å sikre best mogleg omsorg.
Dei siste åra har vi satsa stort på velferdsteknologi og kvardagsmeistring, noko som gjer oss til ein spennande arbeidsplass i stadig utvikling. Vi krev at alle utførte tenester vert dokumenterte i Profil, og som helsefagarbeidar kan du få medisindelegering etter avtale.
Om avdelingaOstereidet heimeteneste er ei avdeling med høg fagleg kompetanse og engasjerte, dyktige medarbeidarar. Avdelinga har eit stort geografisk ansvarsområde som strekkjer seg frå Mundal til Dykolbotn, med avstikkarar til mellom anna Veland og Dalsgrend.
Hos oss får du spanande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit fagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
KvalifikasjonskravAutorisasjon som helsefagarbeidar
Førarkort klasse B
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Kven er du?Ein som trivst med å arbeide sjølvstendig.
Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø.
Du er løysingsorientert og fleksibel.
Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga.
Du har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre.
Vi tilbyrEngasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
Fagleg utvikling
Årsturnus
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
God pensjonsordning gjennom KLP
PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er AlverBli kjent med Alver kommune!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.