Førstekonsulent elektronisk kontroll
Møre og Romsdal friomsorgskontor
- مكان العمل
- ÅLESUND، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 29/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om stillingaMøre og Romsdal friomsorgskontor har ledig ei 100% stilling som fyrstekonsulent ved kontoret i Ålesund.
Friomsorga i Møre og Romsdal er ein del av kriminalomsorga, og vi jobbar med ulike formar for straffegjennomføring i samfunnet.
Vi søkjer deg som er fagleg engasjert og motivert av kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag. Du opptrer profesjonelt i møte med menneske, har gode vurderingsevner og ser verdien av både relasjonsbygging og tydelege rammer. Du arbeider strukturert, er oppteken av kvalitet og ønskjer å bidra til trygg og formålstenleg straffegjennomføring.
Avdelinga for elektronisk kontroll har 9 tilsette, 5 som har arbeidsstad i Molde og 4 som har arbeidsstad i Ålesund. Stillinga inneber arbeid på dag- og kveldstid samt arbeid kvar fjerde helg.
Som fyrstekonsulent har ein ansvar for dei domfelte og tilsette sin tryggleik, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fyrstekonsulent elektronisk kontroll skal ha evne til grensesetjing, konfliktløysing og vere ein samtalepartnar, rollemodell og rettleiar for dei domfelte.
Teamet for elektronisk kontroll består av tilsette med både fengselsfagleg og anna relevant kompetanse, fortrinnsvis sosialfagleg. For å oppretthalde denne breidda i kompetansesamansetjinga søkjer vi primært kandidatar med fengselsfagleg bakgrunn til den ledige stillinga. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med slik bakgrunn, vil søkjarar med anna relevant kompetanse bli vurderte.
Arbeidsoppgåvervurdere om domfelte er eigna for soning med elektronisk kontroll
setje i verk, administrere og kontrollere straffegjennomføringa
leggje til rette for og følgje opp fagleg innhald
drive planmessig endringsarbeid i samarbeid med hjelpeapparatet
kontrollere at vilkår for straffa blir haldne
ved behov må ein og rekne med å ta del i andre typar straffegjennomføring i friomsorga
bidra til at drifta går smidig, og når tempoet er høgt.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaringDu må ha
bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS eller relevant høgskule- og universitetsutdanning på bachelornivå, fortrinnsvis soialfagleg.
førarkort klasse B
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
god kunnskap og erfaring i bruk av ikt - system eller verktøy
Det er ønskjeleg at du har
erfaring frå kriminalomsorga eller anna relevant erfaring frå arbeid med menneske i ein sårbar situasjon
erfaring med sakshandsaming
Personlege eigenskapar
har evne til å motivere til å endre åtferd
har avgjerdsevne, er fleksibel og har evne til etisk refleksjon
arbeider strukturert og sjølvstendig, men likar best når du samarbeider
liker ein aktiv arbeidskvardag og evner å omstille seg når arbeidet krev det
evnar å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
trening i arbeidstida
Stillinga blir løna som 1408 førstekonsulent, frå kr 525 000 - 665 000, avhengig av kvalifikasjoner og erfaring. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
stillingen er i turnus som inneber dag, kveld og helgearbeid. Helgearbeid er pr tiden kvar fjerde helg.
Generell informasjonKriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Trude Aarseth tlf. 71246610. trude.aarseth@kriminalomsorg.no
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
النص الأصلي للإعلان

god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.