شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Sjukepleiar/ vernepleiar

Seksjon døgn, Nordfjord psykiatrisenter

مكان العمل
STAD، NORDFJORDEID، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
29‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vere med og styrke den psykiske helsa i Nordfjord? Er du ein person som brenn for å gjere ein forskjell i menneske sine liv – spesielt når livet er som vanskelegast? Ønskjer du å bidra til at folk opplever respekt, likeverd, medverknad og omsorg i møte med psykiske utfordringar? Då kan dette vere akkurat den jobben du har venta på! Seksjon Døgn har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar frå 01.02.2027.  Vi har 12 sengeplassar og eit tverrfagleg team på om lag 30 tilsette. Teamet består av psykologspesialist, overlege, klinisk sosionom, lege i spesialisering, vernepleiar, sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom, helsefagarbeidar, erfaringskonsulent, musikkterapeut og helsesportspedagog. Stillinga inneber tredelt turnus inkludert arbeid på natt. Arbeid kvar tredje helg, eller moglegheit for arbeid kvar fjerde helg med lange vakter. Hjå oss får du: Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø Moglegheit til å påverke og utvikle tilbodet til pasientane Ein variert arbeidskvardag med pasientnært arbeid Ein meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her. Vi tilbyrGod opplæring Jobb saman med dedikerte og dyktige medarbeidarar Spennande og varierte arbeidsoppgåver Interne fagdagar og undervisning for fagleg og personleg utvikling Fokus på eit triveleg og trygt arbeidsmiljø til det beste for oss og pasientane Fleksibilitet til å kunne ta initiativ og påvirke eigen arbeidskvardag Vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid ArbeidsoppgåverTa vare på og gje behandling til menneske som er i døgnopphald, i samsvar med pasienten sin behandlingsplan Involvere pårørande i behandlinga til deira nære Kome med faglege innspel for å utvikle tenestene våre til det beste for pasientane Delta i miljøterapeutiske aktivitetar som til dømes turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar Samarbeid med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar  Personlege eigenskaparEvne til å møte pasientar med respekt og eit ope sinn Evne til å skape gode relasjonar Evne til å arbeide målretta og vere løysingsorientert Ønskje om fagleg utvikling Trivst med å jobbe i tverrfagleg team Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø og har gode samarbeidsevner Gode kommunikasjonsevner Personlege eigenskapar vert i stor grad vektlagde. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar Interesse for fagfeltet Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg Førarkort klasse B Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSynnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, 57 86 43 35 ArbeidsstedSjukehusvegen 9 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5201865716 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 11.01.2027 Søknadsfrist: 29.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.