شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Områdedirektør for berekraftig naturbruk

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

مكان العمل
MOLDE، MØRE OG ROMSDAL
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
15‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vere strategisk leiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal?   Statsforvaltaren i Møre og Romsdal søkjer ein strategisk og utviklingsorientert leiar til stillinga som områdedirektør for berekraftig naturbruk.   Som områdedirektør får du ei sentral rolle i den strategiske leiinga av embetet. Du rapporterer til embetsleiinga og er medlem av den strategiske leiargruppa. Gjennom leiarskap, samordning og utvikling skal du bidra til å setje nasjonal politikk ut i livet og sikre gode løysingar på nokre av dei viktigaste samfunnsutfordringane i fylket.   Verksemdsområdet berekraftig naturbruk omfattar seksjonane for forureining, justis og beredskap, landbruk, naturvern og plan og klima. Området forvaltar oppdrag frå fleire departement og direktoratsnivå og arbeider med spørsmål som har stor betydning for berekraftig utvikling, ressursforvaltning, samfunnstryggleik og framtidige generasjonar.   Dette er ei stilling for deg som ønskjer å påverke samfunnsutviklinga, byggje sterke fagmiljø og leie i kryssingspunktet mellom fag, politikk og forvaltning.     Ansvars- og arbeidsoppgåver   Som områdedirektør har du det overordna ansvaret for resultat, utvikling og leiing innan verksemdsområdet.   Du skal   leie og vidareutvikle verksemdsområdet i tråd med nasjonale mål, styringssignal og embetet sine strategiar   leie fem underdirektørar og om lag 60 medarbeidarar   sikre god måloppnåing og effektiv ressursutnytting   bidra til heilskapleg leiing og utvikling av embetet gjennom aktiv deltaking i strategisk leiargruppe   følgje opp styringsdialog og oppdrag frå departement og direktoratsnivå   initiere og leie utviklings- og endringsarbeid   representere embetet i møte med kommunar, samarbeidspartnarar, direktorat og andre aktørar   byggje gode relasjonar og leggje til rette for god samhandling, læring og utvikling   bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande arbeidsmiljø      Nødvendige kvalifikasjonar   Du må ha   relevant høgare utdanning på masternivå   minst fem års relevant leiarerfaring   gode dokumenterte resultat frå leiing og utviklingsarbeid   god kjennskap til offentleg forvaltning, gjerne gjennom eiga erfaring   erfaring med endringsleiing og strategiske utviklingsprosessar   svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Vi nyttar hovudsakleg nynorsk som skriftspråk   førarkort klasse B     I særskilde tilfelle kan høgare utdanning på bachelornivå, kombinert med relevant etter- og vidareutdanning og lang, relevant praksis, kompensere for kravet om mastergrad.   Du må kunne tryggleiksklarerast til HEMMELEG før tiltreding.   Det er ein fordel om du   har leiarutdanning   har erfaring frå komplekse kunnskapsorganisasjonar   har erfaring med tverrfagleg samarbeid og samordning   har erfaring frå arbeid i skjeringspunktet mellom fag, politikk og forvaltning   Du lykkast i rolla dersom du   er ein tydeleg og samlande leiar som skaper retning, engasjement og resultat   byggjer tillit og gode relasjonar internt og eksternt   utviklar leiarar og medarbeidarar gjennom involvering, støtte og ansvarleggjering   arbeider strategisk og ser heilskap på tvers av fagområde   evnar å handtere komplekse problemstillingar og målkonfliktar   tek gode avgjerder også når omsyna er ulike og situasjonane krev prioritetingar   kommuniserer godt og skaper forståing for val og retning   utøver leiarskap med openheit, integritet og gjennomføringsevne   Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.   Vi forventar at leiarskapet ditt byggjer på dei statlege leiarprinsippa og Statsforvaltaren sine verdiar: engasjert, rettferdig, open og kompetent.   Du er til stades, lyttande og tydeleg, gir ansvar og handlingsrom, handterer konfliktar på ein konstruktiv måte og bidreg til utvikling av både menneske og organisasjon.   Du må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.  Vi tilbyr   høgt kompetente fagmiljø og engasjerte leiarar   eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, tillit og utvikling   gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling   medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar  Løn og vilkår Stillinga er lønt som områdedirektør (kode 1060) frå kr 1 200 000 til kr 1 400 000, avhengig av kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk.   Dette er ei leiande stilling som er unntatt frå dei ordinære reglane om arbeidstid etter arbeidsmiljølova § 10-12.   Stillinga er vidare unntatt frå:   hovudtariffavtalane sine reglar om kompensasjon for reiser, overtid og arbeid på ubekvem arbeidstid   særavtalen om fleksibel arbeidstid i staten   Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og avtalar. Prøvetida er seks månader.   Mangfald Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det. Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).  Praktisk informasjon om søknadsprosessen Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.   Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste. Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå vitnemålsportalen om mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.   Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.    Om oss Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».   Kontaktinformasjon  Assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste: rigmor.broste@statsforvalteren.no, mobil 926 59401  Administrasjonssjef Hilde M. Aure: hilde.aure@statsforvalteren.no, mobil 916 85560  Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Hilde Merete Aure på telefon (Norge +47) 91685560.   Søknadsfrist: 15.11.2026 ​
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.