شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

To faste stillingar som rådgivar/seniorrådgivar

Miljødirektoratet

مكان العمل
OSLO
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
11‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
2

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Om stillingaVi søkjer: ein rådgivar/seniorrådgivar ein seniorrådgivar med fagkoordinatoransvar for eit team på sju personar Om stillingane Vi har to ledige stillingar i seksjon for klimakunnskap, luftkvalitet og lokalt klimaarbeid (Klimakunnskap, luftkvalitet og lokalt klimaarbeid (KOL) - miljodirektoratet.no) Oppgåva vår er å fremje menneskes helse og trivsel, og verne vegetasjon og økosystem mot luftforureining. Stillingane er knytt til arbeid med utandørs luftkvalitet, der forureininga kan vere langtransportert eller ha lokale kjelder. Ei av stillingane inneber ansvaret som fagkoordinator.  Eit team på sju personar jobbar mellom anna med å følgje opp forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet, under dette oppfølging og rettleiing av kommunar. Vi jobbar også med å ta inn EUs nye luftkvalitetdirektiv i norsk rett. Vidare jobbar vi med langtransportert luftforureining, der Noreg er i ferd med å implementere EUs utsleppstak-direktiv (NEC-direktivet). Vi leier Luftsamarbeidet (Luftsamarbeidet og tenester for luftkvalitet - miljodirektoratet.no), eit statleg samarbeid beståande av fem statlege aktørar som leverer mellom anna digitale tenester for luftkvalitet. Vi har også ansvar for eit it-system for luftmålingar.  Teamet blir leidd av ein koordinator som mellom anna skal bidra til fordeling av oppgåver i teamet og strategisk utvikling av fagområdet. Vi er ein av sju seksjonar i klimaavdelinga (Klimaavdelingen (kal) - miljodirektoratet.no). Seksjonen har ansvar for mellom anna arbeid med utandørs luftkvalitet og støy, klimagassutslepp i kommunane, fluorhaldige klimagassar, FNs klimapanel, kortlevde klimadrivarar, atmosfæreovervaking, og dessutan koordinering av arbeidet til avdelinga mot statsforvaltaren og med forsking og utvikling.  Vi er 23 dyktige, engasjerte og hyggelege KOLlegaer som gler oss til å ønskje nye KOLlegaer velkommen. Kontorstad er Helsfyr i Oslo. Kva rolle passar deg? Begge stillingane arbeider innanfor det same fagområdet. Rådgivar/seniorrådgivar Stillinga passar for deg som ønskjer å arbeide fagleg med luftkvalitet, regelverk, rettleiing, utgreiingar og samarbeid med kommunar, departement og andre aktørar. Seniorrådgivar med fagkoordinatoransvar I denne stillinga skal du i tillegg koordinere og prioritere arbeidet til teamet, følgje opp framdrift og bidra til strategisk utvikling av fagområdet i tett samarbeid med seksjonsleiar. Rolla inneber ikkje personalansvar. Stillinga sine hovudansvarsområdeOppgåvene blir fordelte ut frå kompetansen til medarbeidarane, erfaring, interesser og kapasitet. Du vil mellom anna: rettleie kommunar om regelverket for luftkvalitet utvikle og følgje opp nasjonalt og internasjonalt regelverk, mellom anna EUs luftkvalitet- og utsleppstakdirektiv gi råd til og levere på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet greie ut tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp arbeid med saksbehandling, anskaffingar og kontraktsoppfølging arrangere møteplassar og konferansar arbeid med kommunikasjon og formidling samarbeide med forskingsmiljø, forvaltninga og andre sektorstyresmakter bidra i andre oppgåver innanfor seksjonens og Miljødirektoratets ansvarsområde   Stillinga med fagkoordinatoransvar inneber i tillegg å fordele og prioritere oppgåver, følgje opp framdrift og kvalitet i leveransane og bidra til avklaringar om oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Oppgåvene blir løyste både sjølvstendig, i team og på tvers av Miljødirektoratet. Du må kunne sjå heilskapen og samanhengane, samtidig som du har sans for detaljar. Det kan også vere aktuelt å leie eller delta i drifts- og utviklingsoppgåver. KompetansekravKvalifikasjonar Du har kunnskap om eller interesse for utslepp til luft, utsleppskjelder og tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp. Du liker å halde deg fagleg oppdatert og ha overblikk. Utdanning Relevant utdanning på masternivå. Solid, relevant erfaring og bachelorgrad innan eit relevant fagområde kan kompensere for masterutdanning. Kompetanse innan naturvitskap, teknologi, juss, samfunnsfag eller helsefag er relevant. Tverrfagleg bakgrunn er også interessant. Anna erfaring og kompetanse Det er ein fordel om du har: erfaring frå offentleg forvaltning erfaring med nasjonalt eller internasjonalt regelverk og relevante internasjonale prosessar kunnskap om kommunesektoren interesse for myndigheitsoppgåver og saksbehandling gode digitale ferdigheiter god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk For stillinga med fagkoordinatoransvar er det ønskjeleg med erfaring frå prosjektleiing eller anna koordineringsarbeid i forvaltninga. Eigenskapar Vi ser etter deg som: arbeider tverrfagleg og ser heilskapen på tvers av sektorar og fagområde har god rolle- og forvaltningsforståing er analytisk, tek initiativ og ser nye løysingar og moglegheiter er interessert i klima og miljø, politiske prosessar og samfunnsutvikling arbeider sjølvstendig, nøyaktig og systematisk samarbeider godt og har god gjennomføringsevne Vi tilbyrFast stilling som rådgivar/seniorrådgivar med lønn frå kr. 600 000,- til kr. 900 000,- avhengige av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. utfordrande arbeidsoppgåver på viktige samfunnsområde gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling eit godt arbeidsmiljø med sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida fleksibel arbeidstid pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse Har du spørsmål?Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Camilla Schreiner. Dersom du har spørsmål om stillinga, kan ho kontaktast på e-post: camilla.schreiner@miljodir.no. Oppgi referansenummer 76-2026 KOL når du tek kontakt. Generelle opplysningarDu må søkje på stillinga via JobbNorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen. Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.  Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine. Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
النص الأصلي للإعلان
Om stillingaVi søkjer: ein rådgivar/seniorrådgivar ein seniorrådgivar med fagkoordinatoransvar for eit team på sju personar Om stillingane Vi har to ledige stillingar i seksjon for klimakunnskap, luftkvalitet og lokalt klimaarbeid (Klimakunnskap, luftkvalitet og lokalt klimaarbeid (KOL) - miljodirektoratet.no) Oppgåva vår er å fremje menneskes helse og trivsel, og verne vegetasjon og økosystem mot luftforureining. Stillingane er knytt til arbeid med utandørs luftkvalitet, der forureininga kan vere langtransportert eller ha lokale kjelder. Ei av stillingane inneber ansvaret som fagkoordinator.  Eit team på sju personar jobbar mellom anna med å følgje opp forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet, under dette oppfølging og rettleiing av kommunar. Vi jobbar også med å ta inn EUs nye luftkvalitetdirektiv i norsk rett. Vidare jobbar vi med langtransportert luftforureining, der Noreg er i ferd med å implementere EUs utsleppstak-direktiv (NEC-direktivet). Vi leier Luftsamarbeidet (Luftsamarbeidet og tenester for luftkvalitet - miljodirektoratet.no), eit statleg samarbeid beståande av fem statlege aktørar som leverer mellom anna digitale tenester for luftkvalitet. Vi har også ansvar for eit IT-system for luftmålingar.  Teamet blir leidd av ein koordinator som mellom anna skal bidra til fordeling av oppgåver i teamet og strategisk utvikling av fagområdet. Vi er ein av sju seksjonar i klimaavdelinga (Klimaavdelingen (KAL) - miljodirektoratet.no). Seksjonen har ansvar for mellom anna arbeid med utandørs luftkvalitet og støy, klimagassutslepp i kommunane, fluorhaldige klimagassar, FNs klimapanel, kortlevde klimadrivarar, atmosfæreovervaking, og dessutan koordinering av arbeidet til avdelinga mot statsforvaltaren og med forsking og utvikling.  Vi er 23 dyktige, engasjerte og hyggelege kollegaer som gler oss til å ønskje nye kollegaer velkommen. Kontorstad er Helsfyr i Oslo. Kva rolle passar deg? Begge stillingane arbeider innanfor det same fagområdet. Rådgivar/seniorrådgivar Stillinga passar for deg som ønskjer å arbeide fagleg med luftkvalitet, regelverk, rettleiing, utgreiingar og samarbeid med kommunar, departement og andre aktørar. Seniorrådgivar med fagkoordinatoransvar I denne stillinga skal du i tillegg koordinere og prioritere arbeidet til teamet, følgje opp framdrift og bidra til strategisk utvikling av fagområdet i tett samarbeid med seksjonsleiar. Rolla inneber ikkje personalansvar. Stillinga sine hovudansvarsområdeOppgåvene blir fordelte ut frå kompetansen til medarbeidarane, erfaring, interesser og kapasitet. Du vil mellom anna: rettleie kommunar om regelverket for luftkvalitet utvikle og følgje opp nasjonalt og internasjonalt regelverk, mellom anna EUs luftkvalitet- og utsleppstakdirektiv gi råd til og levere på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet greie ut tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp arbeid med saksbehandling, anskaffingar og kontraktsoppfølging arrangere møteplassar og konferansar arbeid med kommunikasjon og formidling samarbeide med forskingsmiljø, forvaltninga og andre sektorstyresmakter bidra i andre oppgåver innanfor seksjonens og Miljødirektoratets ansvarsområde   Stillinga med fagkoordinatoransvar inneber i tillegg å fordele og prioritere oppgåver, følgje opp framdrift og kvalitet i leveransane og bidra til avklaringar om oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Oppgåvene blir løyste både sjølvstendig, i team og på tvers av Miljødirektoratet. Du må kunne sjå heilskapen og samanhengane, samtidig som du har sans for detaljar. Det kan også vere aktuelt å leie eller delta i drifts- og utviklingsoppgåver. KompetansekravKvalifikasjonar Du har kunnskap om eller interesse for utslepp til luft, utsleppskjelder og tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp. Du liker å halde deg fagleg oppdatert og ha overblikk. Utdanning Relevant utdanning på masternivå. Solid, relevant erfaring og bachelorgrad innan eit relevant fagområde kan kompensere for masterutdanning. Kompetanse innan naturvitskap, teknologi, juss, samfunnsfag eller helsefag er relevant. Tverrfagleg bakgrunn er også interessant. Anna erfaring og kompetanse Det er ein fordel om du har: erfaring frå offentleg forvaltning erfaring med nasjonalt eller internasjonalt regelverk og relevante internasjonale prosessar kunnskap om kommunesektoren interesse for myndigheitsoppgåver og saksbehandling gode digitale ferdigheiter god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk For stillinga med fagkoordinatoransvar er det ønskjeleg med erfaring frå prosjektleiing eller anna koordineringsarbeid i forvaltninga. Eigenskapar Vi ser etter deg som: arbeider tverrfagleg og ser heilskapen på tvers av sektorar og fagområde har god rolle- og forvaltningsforståing er analytisk, tek initiativ og ser nye løysingar og moglegheiter er interessert i klima og miljø, politiske prosessar og samfunnsutvikling arbeider sjølvstendig, nøyaktig og systematisk samarbeider godt og har god gjennomføringsevne Vi tilbyrFast stilling som rådgivar/seniorrådgivar med lønn frå kr. 600 000,- til kr. 900 000,- avhengige av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. utfordrande arbeidsoppgåver på viktige samfunnsområde gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling eit godt arbeidsmiljø med sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida fleksibel arbeidstid pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse Har du spørsmål?Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Camilla Schreiner. Dersom du har spørsmål om stillinga, kan ho kontaktast på e-post: camilla.schreiner@miljodir.no. Oppgi referansenummer 76-2026 KOL når du tek kontakt. Generelle opplysningarDu må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen. Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.  Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine. Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.