شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Brattholmen skule

Øygarden kommune Brattholmen skule

مكان العمل
ØYGARDEN، BRATTHOLMEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
24‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Om avdelingaBrattholmen skule ligg i nærleiken av Straume regionsenter i Øygarden kommune. Brattholmen skule er ein nynorskskule. Skulen har undervisning på både nynorsk og bokmål. Skulen har om lag 350 elevar, fordelte på 15 klassar frå 1.–7. trinn. Vi har om lag 60 tilsette. Vil du vera med og leIA ein inkluderande skule med ambisjonar om å skapa god og solid læring for framtida? Visjonen til Brattholmen skule er «Saman skapar vi framtida». ArbeidsoppgåverVera ein del av leIArteamet ved skulen LeIA pedagogisk utviklingsarbeid Personalansvar Samarbeid mellom skule og heim Minst 30 % undervisning Samarbeid etter BTI-modellen til kommunen Vikaransvar Rettleiing Oppfølging i skulemiljøsaker KvalifikasjonarMå ha:Godkjend lærarutdanning Erfaring frå arbeid i grunnskulen Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar God digital kompetanse Ønskjeleg med:LeIArerfaring frå grunnskulen Erfaring frå arbeid med Vigilo Erfaring frå IOP, ITO og system knytt til individuell tilrettelegging. EigenskaparGode relasjonelle ferdigheiter, med evne til å samarbeida, lytta, rettleIA, motivera, inspirera og setja grenser God til å sjå og anerkjenna medarbeidarane sine Systematisk, strukturert og målretta God arbeidskapasitet, robust og i stand til å handtera mange oppgåver samstundes Evne til å arbeida både sjølvstendig og i team Løysingsorientert, fleksibel og utviklingsorientert Evne til å skapa og utvikla gode relasjonar til tilsette, elevar og føresette Vi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt:Ingunn Kjelby, 91702659 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
النص الأصلي للإعلان
Om avdelingaBrattholmen skule ligg i nærleiken av Straume regionsenter i Øygarden kommune. Brattholmen skule er ein nynorskskule. Skulen har undervisning på både nynorsk og bokmål. Skulen har om lag 350 elevar, fordelte på 15 klassar frå 1.–7. trinn. Vi har om lag 60 tilsette. Vil du vera med og leia ein inkluderande skule med ambisjonar om å skapa god og solid læring for framtida? Visjonen til Brattholmen skule er «Saman skapar vi framtida». ArbeidsoppgåverVera ein del av leiarteamet ved skulen Leia pedagogisk utviklingsarbeid Personalansvar Samarbeid mellom skule og heim Minst 30 % undervisning Samarbeid etter BTI-modellen til kommunen Vikaransvar Rettleiing Oppfølging i skulemiljøsaker KvalifikasjonarMå ha:Godkjend lærarutdanning Erfaring frå arbeid i grunnskulen Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar God digital kompetanse Ønskjeleg med:Leiarerfaring frå grunnskulen Erfaring frå arbeid med Vigilo Erfaring frå IOP, ITO og system knytt til individuell tilrettelegging. EigenskaparGode relasjonelle ferdigheiter, med evne til å samarbeida, lytta, rettleia, motivera, inspirera og setja grenser God til å sjå og anerkjenna medarbeidarane sine Systematisk, strukturert og målretta God arbeidskapasitet, robust og i stand til å handtera mange oppgåver samstundes Evne til å arbeida både sjølvstendig og i team Løysingsorientert, fleksibel og utviklingsorientert Evne til å skapa og utvikla gode relasjonar til tilsette, elevar og føresette Vi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt:Ingunn Kjelby, 91702659 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.