شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Koordinator til avdeling for økonomi og logistikk i Helse Vest IKT

Økonomi og logistikk, Helse Vest IKT

مكان العمل
BERGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
27‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du bidra til betre samhandling og effektive leveransar i Helse Vest? Vi søkjer ein strukturert og initiativrik koordinator til avdeling for økonomi og logistikk i Helse Vest IKT. Avdelinga har ansvar for drift, forvaltning og vidareutvikling av regionale løysingar innan innkjøp, logistikk, økonomi og verksemdsstyring, med SAP som ei sentral plattform. Vi arbeider produktorientert, med tverrfaglege team og tett samarbeid med helseføretaka. Som koordinator vil du bidra til samhandling og framdrift på tvers av produkt, fagmiljø og interessentar. Rolla passar for deg som trivst med å skape struktur, koordinere aktivitetar og leggje til rette for godt samarbeid. Stillinga er plassert i avdeling for økonomi og logistikk og rapporterer til avdelingsleiar. Arbeidsstad er Bergen. ArbeidsoppgåverKoordinere og følgje opp aktivitetar på tvers av produktteam og fagmiljø Leggje til rette for gode samhandlingsarenaer, møte og arbeidsprosessar Støtte produkteigarar og team i planlegging, oppfølging og gjennomføring av aktivitetar Fasilitere teamaktivitetar og bidra til smidige arbeidsformer Koordinere og følgje opp behov for fagressursar frå helseføretaka Bidra til god informasjonsflyt og intern kommunikasjon, mellom anna gjennom nyheitssaker og fagleg formidling Bidra til kontinuerleg forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og samhandling KvalifikasjonarHøgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum på bachelornivå. Relevant arbeidserfaring og personlig egnethet kan kompensere for manglende formell utdannelse. Erfaring med koordinering, planlegging og oppfølging av aktivitetar God digital kompetanse og erfaring med samhandlingsverktøy, gjerne Microsoft 365 God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Erfaring med fasilitering, prosjektarbeid eller tverrfagleg samarbeid Kjennskap til smidige arbeidsmetodar, Scrum eller produktorientert arbeid Erfaring frå større organisasjonar eller offentleg sektor er ein fordel Personlege eigenskaparDu er strukturert, sjølvstendig og god til å følgje opp oppgåver Du tek initiativ, ser kva som må gjerast og bidreg til å finne gode løysingar Du samarbeider godt med ulike fagmiljø og byggjer gode relasjonar Du kommuniserer tydeleg og trivst med å leggje til rette for andre Du er fleksibel og handterer fleire parallelle aktivitetar Du er nysgjerrig, lærevillig og oppteken av kontinuerleg forbetring Vi tilbyrEi variert stilling med gode moglegheiter til å påverke og utvikle arbeidsprosessar Ein sentral rolle i ei avdeling som arbeider med viktige regionale løysingar for sjukehusa Eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer Moglegheit for fagleg utvikling innan produktorientering, smidige arbeidsformer og fasilitering Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter avtale Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonFredrik Carl Birkenfeldt, Avdelingsleiar, +47 94812827 ArbeidsstadBjørnsons gate 29 5052 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Vest IKT Referansenr.: 5197775629 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.10.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.