Vikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Det humanistiske fakultet
Universitetet i Bergen
- مكان العمل
- BERGEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 07/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved det humanistiske fakultetEr du motivert for å vere ei drivkraft i kommunikasjonsarbeidet ved eit ambisiøst fakultet?
Velkomen som søkjar til eit vikariat (100 % stilling) som kommunikasjonsrådgjevar og web-ansvarleg ved det humanistiske fakultet. Vi søkjer ein dyktig kommunikasjonsrådgjevar som kan arbeide både strategisk og operativt i eit breitt kommunikasjonsfagleg landskap. Vikariatet er for perioden frem til 31.12.2027, med moglegheit til forlenging.
Om arbeidsplassendet humanistiske fakultet (hf) har ein ambisiøs strategi, ein stor og spanande fagportefølje og mange framifrå forskingsmiljø og forskarar.
Fakultetet er sett saman av fire institutt, som er grunneiningane for forsking, undervising og formidling, og har også administrativt ansvar for to tverrfakultære senter. Fakultetet har om lag 3700 studentar og 460 tilsette.
Her finn du meir informasjon om det humanistiske fakultet. stillinga er knytt til Seksjon for forsking og formidling ved fakultetssekretariatet. Du vil jobbe tett med leiing på ulike nivå og på tvers av faglege og administrative fagfelt. stillinga har ei dreiing mot arbeid med nettsider og formidling av forsking og utdanning, men har også andre viktige oppgåver.
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:Formidling av forsking og utdanning:
bidra til å utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar
arbeide med å synleggjere satsingsområder, utdanningsportefølje og forsking
arbeide for å gjere fakultetets verksemd synleg i offentlegheita
Ansvar for fakultetet sine nettsider og andre digitale flater:
vere operativ webredaktør med ansvar for forvalting og utvikling av fakultet sine nettsider, i samråd med fakultetsleiinga og UiBs kommunikasjonsavdeling
produsere og kvalitetssikre innhald (tekst, layout, video og bilete) for ulike digitale kanalar og sosiale medium
leie nettverk for lokale webkontakter ved fakultets einingar, inkludert opplæring og oppfølging
representere hf i relevante nettverk ved UiB og bidra til godt samarbeid mellom nivåa.
Kommunikasjonsrådgiving:
gje kommunikasjonsfaglege råd til fakultetsleiinga og leiinga ved institutt/senter, og til lokale webkontaktar
bidra kommunikasjonsfagleg i aktivitetar knytt til marknadsføring av studietilbod og studentrekruttering
vedlikehalde og vidareutvikle interne kommunikasjonskanalar og arbeide for god intern informasjonsflyt på fakultetet delta i produksjon og formidling av nyheiter om verksemda ved fakultetet
bidra i planlegging og gjennomføring av arrangement (som seremoniar og konferansar).
det er ein føresetnad at du oppdaterer deg fagleg og bidreg til utviklinga av eit felt som stadig er i endring.
Du må vere open for endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt. Alle i administrasjonen må vere førebudde på å ta del i felles arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonardet er krav om relevant utdanning på mastergradsnivå. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere delvis for manglande formell utdanning.
Relevant kommunikasjonsfagleg arbeidserfaring er ein føresetnad.
Du må ha god kompetanse og arbeidserfaring frå digitale kommunikasjonsverktøy og sosiale medium.
Du må ha svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk.
Du må ha erfaring med å skrive tekst for ulike målgrupper.
Du bør meistre tekstsjangrar som tale og kronikk og kunne skrive tekstar for andre.
Du bør ha forståing og interesse for humanistiske fag og deira plass i samfunnet.
I tillegg ønsker vi at du:
er ansvarleg og løysingsorientert
samarbeider og kommuniserer godt
arbeider nøyaktig, systematisk, analytisk og har god gjennomføringsevne
er sjølvstendig, serviceinnstilt og initiativrik
taklar høgt arbeidstempo med krevjande arbeidsoppgåver og korte tidsfristar
er positiv, raus og inkluderande og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
er ein god lagspelar og relasjonsbyggar
det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilbyeit sosialt, fagleg og utviklande arbeidsmiljø
ein trygg og fleksibel arbeidskvardag, med fleksitid, sommartid frå mai til september, og moglegheit for heimekontor etter avtale
gode velferdsordningar, mellom anna ulike kultur- og idrettstilbod inkludert moglegheit til trening i arbeidstida
ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur
Løn som rådgjevar (kode 1434) med ei brutto årsløn på mellom kr. 700 000- 750 000 – avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillingasøknaden skal sendast elektronisk via lenkja «søk stillinga» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Under «søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga, og om erfaringar og eigenskapar du meiner er særleg relevante.
Under «CV», gje informasjon om:personalia
erfaringar og kvalifikasjonar
språkferdigheiter
minst tre referansepersonar (Ein av desse bør vere nåverande eller tidlegare overordna.)
Under «Vedlegg», last følgjande opp som separate dokument: karakterutskrift og vitnemål (dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen)
relevante attestar som dokumenterer dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar
søknadstekst og CV må vere på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må bli lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte seksjonssjef Kirsten Moen på telefon 55 58 80 85, eller ved e-post kirsten.moen@UiB.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.UiB.no.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
النص الأصلي للإعلان
Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Det humanistiske fakultetEr du motivert for å vere ei drivkraft i kommunikasjonsarbeidet ved eit ambisiøst fakultet?
Velkomen som søkjar til eit vikariat (100 % stilling) som kommunikasjonsrådgjevar og web-ansvarleg ved Det humanistiske fakultet. Vi søkjer ein dyktig kommunikasjonsrådgjevar som kan arbeide både strategisk og operativt i eit breitt kommunikasjonsfagleg landskap. Vikariatet er for perioden frem til 31.12.2027, med moglegheit til forlenging.
Om arbeidsplassenDet humanistiske fakultet (HF) har ein ambisiøs strategi, ein stor og spanande fagportefølje og mange framifrå forskingsmiljø og forskarar.
Fakultetet er sett saman av fire institutt, som er grunneiningane for forsking, undervising og formidling, og har også administrativt ansvar for to tverrfakultære senter. Fakultetet har om lag 3700 studentar og 460 tilsette.
Her finn du meir informasjon om Det humanistiske fakultet. Stillinga er knytt til Seksjon for forsking og formidling ved fakultetssekretariatet. Du vil jobbe tett med leiing på ulike nivå og på tvers av faglege og administrative fagfelt. Stillinga har ei dreiing mot arbeid med nettsider og formidling av forsking og utdanning, men har også andre viktige oppgåver.
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:Formidling av forsking og utdanning:
bidra til å utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar
arbeide med å synleggjere satsingsområder, utdanningsportefølje og forsking
arbeide for å gjere fakultetets verksemd synleg i offentlegheita
Ansvar for fakultetet sine nettsider og andre digitale flater:
vere operativ webredaktør med ansvar for forvalting og utvikling av fakultet sine nettsider, i samråd med fakultetsleiinga og UiBs kommunikasjonsavdeling
produsere og kvalitetssikre innhald (tekst, layout, video og bilete) for ulike digitale kanalar og sosiale medium
leie nettverk for lokale webkontakter ved fakultets einingar, inkludert opplæring og oppfølging
representere HF i relevante nettverk ved UiB og bidra til godt samarbeid mellom nivåa.
Kommunikasjonsrådgiving:
gje kommunikasjonsfaglege råd til fakultetsleiinga og leiinga ved institutt/senter, og til lokale webkontaktar
bidra kommunikasjonsfagleg i aktivitetar knytt til marknadsføring av studietilbod og studentrekruttering
vedlikehalde og vidareutvikle interne kommunikasjonskanalar og arbeide for god intern informasjonsflyt på fakultetet delta i produksjon og formidling av nyheiter om verksemda ved fakultetet
bidra i planlegging og gjennomføring av arrangement (som seremoniar og konferansar).
Det er ein føresetnad at du oppdaterer deg fagleg og bidreg til utviklinga av eit felt som stadig er i endring.
Du må vere open for endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt. Alle i administrasjonen må vere førebudde på å ta del i felles arbeidsoppgåver.
KvalifikasjonarDet er krav om relevant utdanning på mastergradsnivå. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere delvis for manglande formell utdanning.
Relevant kommunikasjonsfagleg arbeidserfaring er ein føresetnad.
Du må ha god kompetanse og arbeidserfaring frå digitale kommunikasjonsverktøy og sosiale medium.
Du må ha svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk.
Du må ha erfaring med å skrive tekst for ulike målgrupper.
Du bør meistre tekstsjangrar som tale og kronikk og kunne skrive tekstar for andre.
Du bør ha forståing og interesse for humanistiske fag og deira plass i samfunnet.
I tillegg ønsker vi at du:
er ansvarleg og løysingsorientert
samarbeider og kommuniserer godt
arbeider nøyaktig, systematisk, analytisk og har god gjennomføringsevne
er sjølvstendig, serviceinnstilt og initiativrik
taklar høgt arbeidstempo med krevjande arbeidsoppgåver og korte tidsfristar
er positiv, raus og inkluderande og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
er ein god lagspelar og relasjonsbyggar
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilbyeit sosialt, fagleg og utviklande arbeidsmiljø
ein trygg og fleksibel arbeidskvardag, med fleksitid, sommartid frå mai til september, og moglegheit for heimekontor etter avtale
gode velferdsordningar, mellom anna ulike kultur- og idrettstilbod inkludert moglegheit til trening i arbeidstida
ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur
Løn som rådgjevar (kode 1434) med ei brutto årsløn på mellom kr. 700 000- 750 000 – avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillingaSøknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga, og om erfaringar og eigenskapar du meiner er særleg relevante.
Under «CV», gje informasjon om:personalia
erfaringar og kvalifikasjonar
språkferdigheiter
minst tre referansepersonar (Ein av desse bør vere nåverande eller tidlegare overordna.)
Under «Vedlegg», last følgjande opp som separate dokument: karakterutskrift og vitnemål (dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen)
relevante attestar som dokumenterer dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar
Søknadstekst og CV må vere på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må bli lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte seksjonssjef Kirsten Moen på telefon 55 58 80 85, eller ved e-post kirsten.moen@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.