Sjukepleiar søkes til Svertingstad- og Kolheia bufellesskap
Døgnteneste, Time kommune
- مكان العمل
- TIME، BRYNE، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 08/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- Annet
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du gjera ein forskjell?
Ønskjer du ein meiningsfull arbeidskvardag der du får nytta den sjukepleiefaglege kompetansen din til å gjera ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar og ROP-lidingar?
Svertingstad og Kolheia bufellesskap er ein del av verksemda Psykisk helse og rus i Time kommune. Bufellesskapa er organiserte som ei avdeling, med eit felles fagmiljø som samarbeider tett for å gje gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane.
Svertingstad bufellesskap
er døgnbemanna
gir tenester til vaksne innbyggjarar med samansette behov
har fokus på auka meistring, sjølvstende og livskvalitet
arbeider med individuelt tilpassa oppfølging, relasjonsarbeid og målretta miljøterapeutisk arbeid
Kolheia bufellesskap
gir tenester til vaksne innbyggjarar med psykiske lidingar
er ikkje døgnbemanna
Hos oss blir du ein del av eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø med sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar og fagarbeidarar som brenn for å gjera ein positiv forskjell i kvardagen til dei me følgjer opp.
Me legg vekt på:
fagleg kvalitet
respekt og gode relasjonar
samarbeid og tverrfagleg arbeid
fagleg utvikling
engasjement og ansvar
Me søkjer no etter sjukepleiarar til to stillingar:
ein sjukepleiar i 67 % fast stilling på natt ved Svertingstad bufellesskap, våkne nattevakter med arbeid kvar 3 helg
eit 100 % vikariat for sjukepleiar, frå 25.01.2027 til 23.01.2028. Ordinær turnus med dag-, kveld- og langvakter. Arbeid kvar fjerde helg med langvakter
Bli ein del av laget vårt
Hos oss får du høve til å bli ein del av eit sterkt fagmiljø og vera med på å vidareutvikla tenestene til menneske med psykiske helse- og rusutfordringar.
Kvar arbeidsdag gir deg høve til å gjera ein reell forskjell i andre menneske sine liv. Me håpar du vil bli ein del av laget vårt!
ArbeidsoppgåverSom sjukepleiar hos oss vil du ha varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver. Du vil mellom anna:
ha sjukepleiefagleg oppfølging av innbyggjarar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar
kartleggja, observera og gjera kliniske vurderingar av psykisk og somatisk helsetilstand
følgja opp somatiske helseutfordringar, inkludert sårstell og sårbehandling
ha ansvar for legemiddelhandtering i tråd med gjeldande rutinar og regelverk
utarbeida, følgja opp og evaluera tiltaksplanar og helsehjelp
utføra målretta miljøterapeutisk arbeid med fokus på meistring, sjølvstende og livskvalitet
dokumentera og journalføra i elektronisk pasientjournal
bidra til å førebyggja og handtera utfordrande situasjonar på ein fagleg og trygg måte
samarbeida med fastlege, spesialisthelsetenesta, NAV, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar
gi rettleiing og fagleg støtte til kollegaer og studentar
delta i fagutvikling, kvalitetsforbetring og vidareutvikling av tenestene
bidra til eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
For 67 % fast stilling som vaken nattevakt
I nattstillinga vil du i tillegg ha eit sjølvstendig sjukepleiefagleg ansvar gjennom natta. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vera:
oppfølging av innbyggjarane gjennom natta
observasjon og vurdering av endringar i psykisk og somatisk helsetilstand
handtering av akutte situasjonar og sjølvstendige helsefaglege vurderingar
oppfølging av sår, infeksjonar og andre somatiske problemstillingar ved behov
vurdering av behov for kontakt med legevakt, ambulanse eller andre helsetenester
fagleg støtte, rettleiing og opplæring til andre tilsette som arbeider natt
bidra til kompetanseheving og fagleg tryggleik
sikra ro, tryggleik og kontinuitet i tenestene gjennom natta
KvalifikasjonarMe ser etter deg som har:
norsk autorisasjon som sjukepleiar
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å nytta elektronisk pasientjournal og aktuelle fagsystem
førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har:
erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus
erfaring med miljøterapeutisk arbeid
erfaring med oppfølging av personar med samansette utfordringar
god kompetanse innan observasjon, vurdering og oppfølging av både psykisk og somatisk helse
Nyutdanna sjukepleiarar vert òg oppmoda om å søkja.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
bidreg til gode relasjonar med innbyggjarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
Vi tilbyrGode pensjonsordningar
Løn etter tariff
Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
KontaktinformasjonAstrid Rosland, Avdelingsleder, 95915934
ArbeidsstadArne Garborgs veg 30
4344 Bryne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5184526182
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 25.01.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.