شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

2. gangs utlysing Sjukepleiar - fast stilling på natt

Avdeling Indre Haram heimeteneste, Haram kommune

مكان العمل
HARAM، TENNFJORD، MØRE OG ROMSDAL
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
21‏/09‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Haram kommune søkjer etter ein sjukepleiar i 62,5% fast stilling, for tida ved Indre Haram heimeteneste, i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.  Indre Haram heimeteneste har på natt eit tett samarbeid med Eidet Omsorgssenter og dei to avdelingane der. Vi er opne for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønskjer å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde, her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa. Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. ArbeidsoppgåverHelsefaglege oppgåver. Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane. Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper. Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling. Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar. Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande. KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar. Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg. Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Personlege eigenskaparI Haram kommune ønskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Godt humør og positiv framtoning. Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme. Vi tilbyrTverrfagleg samarbeid. Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver. Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på. Gode turnustekniske løysingar. Løn etter tariff. Gode pensjons- og forsikringsordningar. KontaktinformasjonCamilla Walderhaug Lundberg, Konstituert avdelingsleiar, HT, 47516769, camilla.walderhaug.lundberg@haram.kommune.no Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no ArbeidsstadTrolldalssletta 6264 Tennfjord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5172009027 Stillingsprosent: 62,5% Fast Søknadsfrist: 21.09.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.