شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Vernepleiar

Sogndal kommune Psykisk helse og rus

مكان العمل
SOGNDAL، LEIKANGER، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
27‏/09‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vere med å vidareutvikle psykisk helse og rustenesta i Sogndal kommune? Psykisk helse og rus gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og-/eller rusmiddelbruk, samt funksjonsnedsetjing. Som ein del av tenesta skal du bidra til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sogndal kommune i form av oppfylging, behandling og førebygging. Dette inneber og å bidra til vidareutvikling av tenesta i tråd med nasjonale føringar. Avdelinga på Leikanger er bemanna på dag, kveld og natt og har turnus med langvakter, døgnvakter og nattevakter.  Vi har ledig  ei 100 % fast stilling med døgnvakt som vernepleiar innan psykisk helse- og rustenesta, avdeling Leikanger.  Det er lagt opp pr i dag til arbeid i turnus 2-7-2-7-3-7, med vakter 4. kvar helg.  Turnus kan bli endra. Ved interne tilsettingar kan det bli ledige andre vikariat/engasjement i tenesta generelt sett.  Me oppmodar menn til å søkje.    Arbeidsoppgåver og ansvar:  . Planlegge og gjennomføre rehabiliterande og målretta miljøterapeutiske tiltak · Praktisk bistand i daglege oppgåver og oppgåver knytt til drift av avdelinga · Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen, samt med pårørande og spesialisthelsetenesta  · Medikamenthandtering · Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk  . Koordinatoransvar/ primærkontaktrolle    Kvalifikasjonar:  . Autorisert vernepleiar . Erfaring frå turnusarbeid og døgnvakter vil vere ein fordel · Erfaring frå arbeid evt. vidareutdanning innan habilitering/ miljøarbeid · Førarkort klasse B  · Gode norsk kunnskapar  · Politiattest av nyare dato ved tilsetting     Personlege eigenskapar:  · Evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig  · Ha god relasjonskompetanse og samarbeidsevner · Er fleksibel, audmjuk, tolmodig og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar · Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.    Me tilbyr:  · Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging · Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar · Eit godt arbeidsmiljø · Gode pensjons- og forsikringsordningar · Gode velferdsordningar · Løn etter tariffavtale  Kommunen vår er omfatta av den nasjonale distriktsordninga til Lånekassen, som betyr at du kan få sletta inntil 25 000 kr av studielånet ditt kvart år ved å bu og jobbe i kommunen vår.   Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.