Vil du hjelpe menneske med helseutfordringar vidare mot arbeid og utdanning?
Nav Alver // Arbeidsliv
- مكان العمل
- ALVER، ISDALSTØ، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 13/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
I Nav Nordhordland møter du engasjerte fagfolk som trur på at arbeid kan vere ein viktig veg til meistring, inkludering og betre livskvalitet. Kvar dag arbeider vi for at fleire menneske skal få moglegheit til å delta i arbeidslivet og samfunnet.
No søkjer vi ein rådgjevar som ønskjer å gjere ein forskjell for menneske som treng støtte på vegen mot arbeid og utdanning.
Om stillinga
Som rådgjevar hos oss arbeider du med arbeidsretta oppfølging av personar som har helseutfordringar. Du følgjer opp brukarar både digitalt og fysisk, jobbar systematisk mot arbeid eller utdanning og samarbeider tett med arbeidsgivarar, helseaktørar og andre samarbeidspartnarar. Stillinga inneber også saksbehandling etter relevant lovverk. Stillinga har ansvar for oppfølging av brukarar i heile regionen. Primær arbeidsstad er Nav Alver i Knarvik, men det må også påreknast arbeidsdagar ved Nav Fensfjorden og Nav Osterøy.
Kvifor jobbe hos oss?
Nav Alver er eit utviklingsorientert kontor med 80 medarbeidarar i fire fagavdelingar. Hos oss møter du engasjerte kollegaer som deler kompetanse, samarbeider tett på tvers av fagområde og er opptekne av å finne gode løysingar for innbyggjarane våre. Lokala våre i Knarvik senter er lyse og trivelege, og legg til rette for ein variert arbeidskvardag i møte med menneske med ulike behov og bakgrunnar.
Kva skal du jobbe med?følgje opp og avklare brukarar gjennom digitale og fysiske møter
kartleggje ressursar, moglegheiter og behov knytt til arbeid og utdanning
motivere og støtte brukarane på vegen mot arbeid og/eller utdanning
dialog og samarbeid med arbeidsgivarar, helseaktørar og andre samarbeidspartnarar
saksbehandling i tråd med gjeldande lovverk
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha
fullført utdanning på minimum bachelornivå, til dømes innan helsefag eller juridiske fag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
erfaring med rettleiing og motivasjonsarbeid
erfaring med saksbehandling etter lovverk
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
god digital kompetanse og erfaring med digitale arbeidsverktøy
god forståing for Nav sitt samfunnsoppdrag
Det er ein fordel om du har
erfaring frå oppfølgingsarbeid, arbeidsretta oppfølging eller liknande
kjennskap til arbeidsmarknaden og samarbeid med arbeidsgivarar
Kva vi ser etter hos deg?skapar tillit i møte med menneske i ulike livssituasjonar
handterer krevjande situasjonar på ein profesjonell måte
arbeider strukturert, tek sjølvstendige vurderingar og prioriterer oppgåver
er endringsvillig og bidreg aktivt til samarbeid og fagleg utvikling
Kvifor velje oss?ei meiningsfull stilling der du kan gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
stillinga vert plassert i stillingskode 1434 rådgjevar. Lønnspennet er frå kr. 639 000 til kr. 660 000. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
KontaktinformasjonInger Lise Brekke, Avdelingsleiar, 91724947, Inger.Lise.Brekke@nav.no
ArbeidsstedKvernhushaugane 2
5914 Isdalstø
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5178099685
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.