Tannpleiar ved distriktstannklinikken Stranda og Valldal
Distriktstannklinikken Stranda og Valldal, Møre og Romsdal fylkeskommune
- مكان العمل
- STRANDA، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 20/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Indre Sunnmøre?
Vi søkjer ein engasjert tannpleiar til ei fast 100 % stilling i Ålesund kompetanseregion. Du vil få ein variert arbeidskvardag fordelt mellom distriktstannklinikken Stranda (60 %) og distriktstannklinikken Valldal (40 %)
Mellom fjord og fjell ligg Stranda og Valldal, omgitt av nokre av dei mest spektakulære naturområda i landet. Her kan du nyte eit variert friluftsliv året rundt, frå toppturar og skikøyring til sykling, båtliv og rafting. Regionen er kjend for levande lokalsamfunn, eit aktivt kultur- og foreiningsliv og gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar som ønskjer ein aktiv og innhaldsrik kvardag. Les meir om regionen og moglegheitene for eit aktivt liv mellom fjord og fjell:
Visit Stranda: www.visitstranda.com eller Valldal Adventure Valley: www.valldal.no
ArbeidsoppgåverVarierte kliniske arbeidsoppgåver med undersøking og behandling av alle pasientgrupper. Forebyggande, helsefremmande tannhelsearbeid, med samarbeid med barnehagar, skolar, institusjonar og andre samarbeidspartar. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som tannpleiar.
God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
kjenner stoltheit for tannhelsefaget
trivst med å jobbe med og for menneske
jobbar effektivt og sjølvstendig
har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyrEin god jobb der du kan utvikle deg
Lønn etter tariffavtale
Etableringstilskot og flyttetilskot
Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
Trivelege medarbeidarar og godt miljø
Introduksjonsprogram
Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
KontaktinformasjonJulianne Langelo Hole, Klinikkleder, 41367808
Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001
Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
ArbeidsstadØyna 24
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5202422912
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.