شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Kunderådgjevar personmarknad Nordfjord - Vikariat

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

مكان العمل
GLOPPEN، SANDANE، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
27‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vi er tett på kundane våre, lokalsamfunna våre og dei vala som betyr noko i kvardagen til folk. Det gir oss eit godt utgangspunkt for å gi råd som skaper verdi for kundane våre.  No ser vi etter ein kunderådgjevar som vil bygge relasjonar, finne gode løysingar og skape verdi for kundane våre.  Du vil få ansvaret for å ivareta ei etablert kundeportefølje, og vil bli ein viktig støttespelar for kundar gjennom ulike fasar i livet. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø i Nordfjord, med arbeidsstad på Sandane.  Vikariatet varer fram til og med juni 2028, med moglegheit for forlenging.   Dette skal du jobbe med:  Rådgjeving innan sparing, lån og forsikring  Følge opp og vidareutvikle eiga kundeportefølje  Bygge relasjonar til nye og eksisterande kundar  Identifisere behov og finne gode løysingar for kundane  Bidra til samarbeid og felles måloppnåing i regionen  Kven ser vi etter?  Du trivst i møte med menneske og er opptatt av å skape tillit og gode relasjonar. Du er trygg i dialog med kundar, lyttar til behova deira og finn gode løysingar.  Vi ser etter ein person som har erfaring med kundedialog, sal eller rådgjeving, og som gjerne har høgare utdanning eller relevant arbeidserfaring. Du tek initiativ, bygjer relasjonar og trivst med å skape resultat saman med andre. Samtidig har du god vurderingsevne, tek eigarskap til eigne oppgåver og ønsker å utvikle deg vidare innan bank, sparing, lån og forsikring.  Erfaring frå bank, finans eller forsikring er ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har motivasjon til å lære og utvikle deg vidare.  Kvifor jobbe hos oss?  Hos oss får du ansvar for eigne kundar og høve til å bygge verdifull erfaring innan bank og finans. Du får tilgong til ei etablert kundeportefølje frå første dag, god opplæring og moglegheit til å utvikle deg fagleg saman med dyktige kollegaer.  Du blir del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, der vi samarbeider tett, deler kunnskap og har korte vegar frå idé til handling.  SpareBank 1 Sogn og Fjordane er ein stor organisasjon med mange karrierevegar, og eit vikariat kan gi verdifull erfaring og opne dører vidare i banken.  Har du spørsmål?  Banksjef Odd Kjetil Tonning svarar gjerne på det du måtte lure på.    Arbeidsstad: Sandane  Stilling: Vikariat fram til juni 2028  Søknadsfrist: 27.11.2026  Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir gjennomført av Semac AS etter samtykke frå kandidaten. Søkarar som får tilbod om stillinga, må leggje fram vandelsattest.
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.