شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Lønsansvarleg - 100% fast

Økonomi og samfunn, Vinje kommune

مكان العمل
VINJE، TELEMARK
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
27‏/09‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Ynskjer du å utvikle deg fagleg innan lønsfaget, og vera ein viktig ressurs i ein organisasjon i stadig utvikling?  Som lønsansvarleg i Vinje kommune får du ei sentral rolle i Vest-Telemarks største arbeidsplass. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø i økonomiavdelinga, der læring, samarbeid og kontinuerleg forbetring står i fokus. Me ynskjer å leggje til rette for at du kan utvikle både fagkunnskap og erfaring, samstundes som du bidreg til å vidareutvikle og effektivisere arbeidsprosessane innan lønsområdet og grensesnittet mot rekneskap og HR. Som lønsansvarleg får du arbeide med komplekse og varierte problemstillingar, halde deg oppdatert på regelverk, og bidra til utvikling av gode rutinar og digitale løysingar. Du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag, bygge spesialkompetanse og vere ein sentral fagperson for heile organisasjonen.   Økonomiavdelinga består av sju medarbeidarar med brei kompetanse innan løn, rekneskap, fakturering og økonomisk rådgiving. Me samarbeider tett, deler kunnskap og legg til rette for fagleg utvikling på tvers av ansvarsområda og tenesteområda.  Velkomen med på laget! ArbeidsoppgåverFagansvar knytt til kommunens lønsarbeid Ansvar for lønsprosessar frå A til Å  Systemansvar for lønssystemet og kvalitetssikring av overføring frå fagsystem Ansvarleg for opplæring internt på avdelinga og ute i verksemdene Kontakt og oppfylging mot kommunerevisjonen Bistå leiarar og tilsette i løns- og HR-relaterte spørsmål i samarbeid med kommunen si HR-avdeling Rapportering til offentlege myndigheiter  Avstemming av lønsrelaterte kontoar og oppfylging mot rekneskap  Delta i kontinuerleg forbetringsarbeid og digitalisering av prosessar  Oppfylging av reiser, utlegg, fråvær og refusjonar  KvalifikasjonarUtdanning på minimum bachelornivå innan rekneskap, revisjon eller økonomi, fortrinnsvis med 3-5 års relevant praksis Erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt Gode digitale ferdigheiter og interesse for effektive arbeidsprosessar  God kjennskap til aktuelt lov- og avtaleverk  Kjennskap og erfaring frå ERP system til Unit4 og GAT er ein fordel God økonomiforståing og evne til å arbeide sjølvstendig Evne til å ta ansvar og takle mange arbeidsoppgåver God evne til samarbeid Personlege eigenskapar Du har evne til å organisere og arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig med arbeidsoppgåver, slik at du held fristar Du har gode kommunikasjons- og relasjonseigenskaper Du er nøyaktig og opptatt av detaljar Du er strukturert, analytisk og har stor arbeidskapasitet Du er proaktiv og løysningsorientert Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne Du har evne til å motivere andre og jobbe i team Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Vi tilbyrEi spanande og viktig rolle i ein framtidsretta organisasjon  Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende  Faglege utviklingsmoglegheiter  Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer  Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår  Full barnehagedekning og hjelp til å skaffe bustad God forsikrings- og pensjonsordning Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.  For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no. KontaktinformasjonTore Åsland, Økonomisjef, +47 95723348 ArbeidsstadVinjevegen 192 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5178437863 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.