Har du og din familie tid og hjarterom til å ta mot eit barn på besøk?
Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester
- مكان العمل
- VINDAFJORD، ØLEN، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 18/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Me søker avlastningsheim til gut på 11 år. Stillinga er 9,23% fast med ei helg per månad.
Han er ein aktiv, snill og god gut med mange interesser som han fyller dagane med. Han er spesielt glad i å hoppa på trampoline, sykle, leike i sandkassen, pusla og teikne. Han er ein veldig tillitsfull gut som likar tøys og moro, men samstundes kan nokre aktivitetar blant mange menneske opplevast som strevsamt så han trivst best saman med ein vaksen.
Kven kan bli avlastar?
Avlastar er ein familie som tek imot eitt barn om lag ei helg per månad. Familien må ha ein stabil livssituasjon og kunna binda seg for minst eitt år.
Avlastningsfamilien må ha tid, overskot og sengeplass til eit ekstra barn. Familien bør ha evne til innleving og forståing for barn sine ulike behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleva ein trygg og føreseieleg familiesituasjon det barnet treng mest.
Avlastar må framvisa politiattest. Det er også krav om ordinær politiattest for husstandsmedlemmer som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar.
Arbeidstid og godgjersle:
Avlastar får fast arbeidsavtale i kommunen og lønn og godtgjersle etter Kommunenes sentralforbund (ks) sine satsar.
Det er vanleg å vera avlastningsfamilie kvar 4. helg. Nokre barn kan ha behov for å vera ekstra dagar i avlastningsfamilien i feriar. Dette blir avklart i kvart enkelt tilfelle. Avlastar hentar barnet fredag ettermiddag og bringer det heim søndag ettermiddag.
Dersom det er behov for nødvendig utstyr for barnet, må ein vera i dialog med eining Tilrettelagte tenester for godkjenning før ein går til innkjøp.
Køyregodtgjersle blir gitt etter gjeldande satsar. Arbeidsgodtgjersle er skattepliktig.
Etter at gyldig politiattest er mottatt, blir det avtalt eit heimebesøk i den aktuelle familien.
Eininga er opptatt av at både kontaktperson og familien med behov skal godkjenne avlastar. Det er viktig for oss at familien kjenner at det er trygt å senda barnet sitt til avlastar.
Avlastar får fast arbeidsavtale i Vindafjord kommune.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
النص الأصلي للإعلان
Me søker avlastningsheim til gut på 11 år. Stillinga er 9,23% fast med ei helg per månad.
Han er ein aktiv, snill og god gut med mange interesser som han fyller dagane med. Han er spesielt glad i å hoppa på trampoline, sykle, leike i sandkassen, pusla og teikne. Han er ein veldig tillitsfull gut som likar tøys og moro, men samstundes kan nokre aktivitetar blant mange menneske opplevast som strevsamt så han trivst best saman med ein vaksen.
Kven kan bli avlastar?
Avlastar er ein familie som tek imot eitt barn om lag ei helg per månad. Familien må ha ein stabil livssituasjon og kunna binda seg for minst eitt år.
Avlastningsfamilien må ha tid, overskot og sengeplass til eit ekstra barn. Familien bør ha evne til innleving og forståing for barn sine ulike behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleva ein trygg og føreseieleg familiesituasjon det barnet treng mest.
Avlastar må framvisa politiattest. Det er også krav om ordinær politiattest for husstandsmedlemmer som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar.
Arbeidstid og godgjersle:
Avlastar får fast arbeidsavtale i kommunen og lønn og godtgjersle etter Kommunenes sentralforbund (KS) sine satsar.
Det er vanleg å vera avlastningsfamilie kvar 4. helg. Nokre barn kan ha behov for å vera ekstra dagar i avlastningsfamilien i feriar. Dette blir avklart i kvart enkelt tilfelle. Avlastar hentar barnet fredag ettermiddag og bringer det heim søndag ettermiddag.
Dersom det er behov for nødvendig utstyr for barnet, må ein vera i dialog med eining Tilrettelagte tenester for godkjenning før ein går til innkjøp.
Køyregodtgjersle blir gitt etter gjeldande satsar. Arbeidsgodtgjersle er skattepliktig.
Etter at gyldig politiattest er mottatt, blir det avtalt eit heimebesøk i den aktuelle familien.
Eininga er opptatt av at både kontaktperson og familien med behov skal godkjenne avlastar. Det er viktig for oss at familien kjenner at det er trygt å senda barnet sitt til avlastar.
Avlastar får fast arbeidsavtale i Vindafjord kommune.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.