Spesial-/sjukepleiarstilling
Barn og unge sengepost og poliklinikk, Helse Førde
- مكان العمل
- SUNNFJORD، FØRDE، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 20/09/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Barne- og ungdomsavdeling (BUA), sengepost og poliklinikk, har ledig fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiarar frå 01.01.2027.
Barne- og ungdomsavdelinga er ein spennande arbeidsplass med eit breitt fagfelt og spesialisthelsetenesteansvar for barn og unge i alderen 0–18 år.
Sidan våren 2026 har sengepost og poliklinikk vore samlokalisert og organisert i ein felles seksjon. Dette legg til rette for tett tverrfagleg samarbeid, god ressursutnytting og eit sterktfagleg miljø.
Sengeposten tek imot barn og unge med eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske tilstandar, i tillegg til premature og sjuke nyfødde. Vi driftar eige akuttmottak for medisinske barn, samt avansert heimesjukehus (AHS) og Barnehus. Vi jobbar i akutte og tverrfaglege team
Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innom fleire fagområde, mellom anna astma og allergi, diabetes og endokrinologi, gastroenterologi, hjarte- og karsjukdommar, nevrologi, nyre- og urinvegssjukdommar og revmatologi
Hos oss får du arbeide i eit engasjert fagmiljø med stor fagleg breidde og gode moglegheiter til å utvikle deg innan fleire spesialområde.
Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kva tredje helg.
Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig vikariat. Vi ber søkjarar opplyse i søknaden om dei også ønskjer å bli vurderte for eit eventuelt vikariat.
ArbeidsoppgåverBehandling og pleie av barn og ungdom: både premature og sjuke nyfødde, samt større barn og ungdommar med både medisinske- og kirurgiske diagnosar.
Sjukepleiarane må kunne jobbe med både små og store barn
Mottak av barn og unge
Noko poliklinisk aktivitet i sengeposten
Opplæring/undervisning til pasient og pårørande
Omsorg og støtte til pårørande
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Vidareutdanning innan relevant spesialitet er ønskjeleg *)
Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Erfaring frå Barne- og ungdomsavdeling vil bli prioritert
Sekundært vil anna relevant sjukehuserfaring bli prioritert
Kunnskap/erfaring med ein del medisinskteknisk utstyr vil vere ein fordel
*) Vi har særleg behov for kompetanse innan:
barnesjukepleie/pediatri
intensivsjukepleie
onkologisk sjukepleie
avansert klinisk nyfødtsjukepleie
Personlege eigenskaparNøyaktig og arbeidssam
Er fagleg engasjert og ønskjer utvikling
Like varierte utfordringar
Gode kommunikasjonsevner
Samarbeidsvillig
Fleksibel på arbeidsoppgåver og arbeidstid
Vi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Godt arbeidsmiljø
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Eit inkluderande og kompetent fagmiljø
Arbeid i nye og moderne lokale
Tett samarbeid mellom sengepost og poliklinikk
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonJorunn Sollid, Seksjonsleiar, (+47) 992 93 641
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5175423007
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.