Vi treng fleire badevakter med reinhaldsansvar ved Vindafjordhallen symjehall!
Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester
- مكان العمل
- VINDAFJORD، SANDEID، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 25/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vindafjord kommune driftar ein ny og flott symjehall i Vats. Det er to basseng, sklie, badstue og flotte fellesområde, samt fasilitetar for tilsette. Vi treng no fleire badevaktar som skal bidra til tryggleik og gode opplevelsar for besøkjande, og at symjehallen skal bli eit felles samlingspunkt for heile kommunen. Du må like å jobbe i team og det er viktig å bidra der det trengs for å sikre god drift av symjehallen.
Vi har behov for ein fast stilling på ca 20% med arbeidstid ettermiddag/kveld og helger. Me har og behov for deg som kan vera vikar til dag, kveld og helgevakter. Skriv i søknaden kva som er aktuelt for deg.
Kva får du jobba med hos oss?
Badevakt for publikumsbading
Reinhald og klargjering av symjehall, garderobar og fellesområde
Kundeservice og sal av billettar
Førefallande arbeid.
Me kan tilby:
Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
Gode samarbeidsevner
Gode symjeferdigheiter - må bestå livredningstest
Teknisk forståing
Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Informasjon:
Du må vere over 18 år og framvise gyldig politiattest. Opplæring vil bli gitt, men du må vere symjedyktig og kunne dykke ned på botn av basseng. Dersom du har relevant erfaring og utdanning er dette positivt, men ikkje naudsynt. Du blir gitt førstehjelpskurs og livredningskurs før tiltreding.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du må lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Bilde: Kristine Thorsen Eikeland, Vindafjordhallen symjehall
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.