Leiar stab
Skyss
- مكان العمل
- BERGEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 22/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du vere med og skape samanheng mellom strategien til Skyss, styringa og det som skjer i kvardagen? Skyss søkjer ein leiar som kan samle sterke fagmiljø i ei ny avdeling, styrkje avgjerdsprosessane våre og bidra til gode og berekraftige mobilitetstilbod i heile fylket.
ArbeidsoppgåverVi treng ein leiar for den nyoppretta avdeling stab. Her får du ansvar for å vidareutvikle korleis Skyss planlegg, prioriterer og følgjer opp arbeidet sitt. Du skal bidra til at mål, planar og økonomi heng saman, og gi organisasjonen eit godt grunnlag for viktige vegval. Samtidig skal du utvikle arbeidsmåtar som gjer det enklare for fagmiljøa å samarbeide og bruke ressursane godt på tvers.
Du vil leie ei avdeling som samlar verksemdstyring, økonomi og administrasjon, kommunikasjon, strategi- og organisasjonsutvikling og leiarstøtte. Du har òg overordna ansvar for intern og ekstern kommunikasjon. Våre tenester er nytta av svært mange, og får stor merksemd. Gjennom kommunikasjonen vår skal vi få fram at Skyss er dyktig, påliteleg og imøtekommande.
I denne rolla skal du skape samanheng mellom faglege vurderingar og verksemdsstyring – og formidling vidare til administrativ og politisk styring i fylkeskommunen. Du er ein del av direktøren si leiargruppe og har personalansvar for leiaren av gruppa for økonomi og administrasjon og for dei andre medarbeidarane i staben.
Kvalifikasjonar (overskrift)Vi ser etter deg med relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre rolla treng du leiarerfaring og erfaring med verksemdsstyring. Du treng også forståing for korleis økonomi påverkar styring og strategiske prioriteringar.
Du har god organisasjonsforståing og interesse for korleis ulike faglege og politiske omsyn verkar saman. Som leiar gir du dyktige medarbeidarar tillit og handlingsrom, samtidig som du er tydeleg på retning og ansvar. Hos Skyss får du arbeide med engasjerte fagmiljø og påverke korleis vi løyser eit samfunnsoppdrag som betyr mykje for innbyggjarar i heile fylket.
Andre opplysningar:
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort
Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf.908 72 622, Julian Smørdal tlf. 932 29 249 eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf. 916 53 176. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen.
KontaktinformasjonMatae v/Merethe Mæland, 908 72 622
Matae v/Julian Smørdal, 932 29 249
Målfrid Vik Sønstabø, direktør, 91653176
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5190321037
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.