شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Vil du jobbe natt og gjere ein skilnad? Me søkjer medarbeidar til Etne omsorgssenter og nattpatrulje

Etne kommune Pleie og omsorg

مكان العمل
ETNE، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
01‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
2

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Etne omsorgssenter søkjer ein trygg og engasjert medarbeidar til 80 % fast nattstilling. Du vil vere ein viktig del av tenesta vår og bidra til at bebuarane får god, fagleg forsvarleg og omsorgsfull oppfølging gjennom natta. Vi ser etter deg som arbeider sjølvstendig, er roleg i utfordrande situasjonar og har gode samarbeidsevner. Hos oss får du eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og meiningsfulle arbeidsoppgåver. ArbeidsoppgåverGi fagleg forsvarleg pleie og omsorg til bebuarar ved Etne omsorgssenter på natt. Observere, vurdere og følgje opp endringar i helsetilstand. Handtere og dokumentere legemiddel i tråd med gjeldande rutinar og delegasjon. Utføre nødvendig dokumentasjon og rapportere til dag- og kveldsvakt. Handtere akutte situasjonar og ta kontakt med rette instansar ved behov. Delta i nattpatrulje og gi nødvendig hjelp og oppfølging til brukarar i eigen bustad. Utføre planlagde og behovsvurderte tilsyn, praktisk bistand og helsehjelp i heimetenesta. Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre aktuelle faginstansar. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar Vidareutdanning som spesialsjukepleiar innan geriatri er ønskjeleg Gode norskkunnskaper, munntleg og skriftleg Interesse for eldreomsorg og fagleg utvikling Evne til å arbeide sjølvstendig og i team EigenskaparMe ønsker medarbeidarar som: Er fagleg engasjerte og omsorgsfulle Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø Er ansvarsmedvitne og løysningsorienterte Er fleksible og har gode samarbeidsevner Me tilbyrEi meiningsfull og variert nattstilling i både institusjon og nattpatrulje. Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer. Opplæring og rettleiing tilpassa arbeidsoppgåvene. Høve til fagleg utvikling og kompetanseheving. Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Gode pensjons- og forsikringsordningar. 25 000 kroner i rekkutteringstilskot for dei som jobbar turnus Molegheit for å ta 4 veker samanhegande ferie om sommaren Annan informasjonMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.