شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Barne- og ungdomsarbeidar og miljøarbeidar

Tveit skule og Nissedal ungdomsskule, Nissedal kommune

مكان العمل
NISSEDAL، TREUNGEN، TELEMARK
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
25‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
2

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10.trinn) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7.trinn) i Kyrkjebygda. Skulane i Nissedal er opptekne av å gje elevane trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og allsidig kunnskap, og skal førebu elevane til vidare studie og arbeid. Skulen er difor oppteke av eit tett samarbeid med føresette og andre instansar både offentlege og private. Elevmedverknad og demokrati står sentral i all undervisning. Som arbeidsplass kjenneteiknast skulane med høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær, med høve til fagleg utvikling i form av tillitsbasert arbeid og oppgåver og oppmoding til vidareutdanning.          Ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule og SFO er det no ledig stilling som barne-og ungdomsarbeidar (60% fast- med moglegheit for auke) og miljøarbeidar (100% fast). ArbeidsoppgåverBarne- og ungdomsarbeidar og miljøarbeidaren vil jobbe både i skulen og ved SFO, og må kunne: følgje opp elevar som treng bistand i skulekvardagen, både praktisk og fagleg. følge opp elevar med spesielle behov og utfordringar samarbeide tett med lærarar om undervisningsopplegg og prosedyrer samarbeid tett med føresette   KvalifikasjonarKrav til den tilsette: Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ein kan også vurdere andre typer fagkompetanse og realkompetanse. Erfaring frå arbeid med barn- og unge vil bli vektlagt. Erfaring frå arbeid med elevar med spesielle behov Krav til miljøarbeidar: God kunnskap og erfaring med ukrainsk og norsk språk Personlege eigenskaparVi vil vektlegge: God relasjonskompetanse og erfaring med gruppeleiing Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg.  At søkar er personleg skikka for stillinga. Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar. Tålmod og kunnskap til å stå i krevjande situasjonar med elevar som har spesielle behov og utfordringar.   Interesse og kunnskap om bruk av IKT Vi tilbyrTilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar. Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane. Eit godt arbeidsmiljø   Anna: Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25 KontaktinformasjonMarius Vøllestad, Rektor, +47 35048482 ArbeidsstadSolås 2 3855 Treungen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5208664884 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 25.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.