Vassenden heimeteneste har ledige stillingar
Sunnfjord kommune Vassenden heimeteneste
- مكان العمل
- SUNNFJORD، VASSENDEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 01/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Vassenden Heimeteneste gir helse- og omsorgstenester til pasientar i alle aldrar, med hovudvekt på eldre. Pasientane bur anten i omsorgsbustad eller i eigen heim rundt om i bygda.
Hos oss blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der du får høve til å lære av dyktige kollegaer og bidra til vidareutvikling av tenesta. Vi legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Ingen dagar er heilt like i heimetenesta. Du møter pasientar med ulike behov og vil jamleg stå overfor nye situasjonar og utfordringar som krev faglege vurderingar og løysingar. Dette gir deg ei unik moglegheit til å utvikle breiddekompetanse og bruke både kliniske ferdigheiter, fagkunnskap og sjølvstende i praksis.
Dersom du trivst med ansvar, variasjon og meiningsfulle arbeidsdagar, håpar vi du vil søke stilling hos oss.
Vi har følgande stillingar ledig:100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast
100 % vikariat som sjukepleiar i perioden frå snarast - 31.08.2027
Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg . Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det.
Arbeidsoppgåver:sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar
kartlegging, observasjon og dokumentasjon
medikamenthandtering
tverrfagleg samarbeid med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta
aktiv bruk av velferdsteknologiske løysingar
Kvalifikasjonar:norsk autorisasjon som sjukepleiar
beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
førarkort klasse B
Vi søkjer etter deg som er:er fagleg engasjert og løysingsorientert
kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar
har gode samarbeidsevner
er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag
har interesse for teknologi og utvikling av framtidas helsetenester
bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing
Kva tilbyr vi?eit godt og inkluderande fagmiljø
fokus på trivsel, samarbeid og godt arbeidsmiljø
ein variert og spennande arbeidskvardag
faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
arbeidsmetodar med bruk av velferdsteknologi
fleksible turnusløysingar med moglegheit for langvakter og arbeid kvar fjerde helg med samla langfri
kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Politiattest av nyare dato må leggast fram før start i stilling. Du søker elektronisk
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.