Kantinemedarbeidar
Vest-Telemark vidaregåande skule, Telemark Fylkeskommune
- مكان العمل
- TRONDHEIM، TRØNDELAG
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 21/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
45% vikariat som kantinemedarbeidar
Vi søkjer etter ein kantinemedarbeidar til 45% vikariat. Stillinga fylgjer i hovudsak skuleåret. Dette inneber komprimert arbeidstid til 50% av ei 100% stilling i skuleåret og fri i skulen sine feriar. I stillinga ligg og nedvask av kantine etter skuleslutt, og planlegging og varebestilling før oppstart etter skuleferiar i samarbeid med den andre kantinemedarbeidaren.
Oppstart snarast/etter avtale og med varigheit fram til nyttår.
Som kantinemedarbeidar ved Vest-Telemark vgs vil du dele ansvaret for drift av kantina med ein kollega som arbeider dagane du ikkje er på jobb. Det inneber at ein har aleineansvaret for drift av kantina to og tre dagar annankvar veke. Ein har då ansvar for menyplanlegging, produksjon og sal av mat og drikke, sikre at alt er gjort i tråd med gjeldande regelverk og rutinar, innkjøp m.m. Kantina fyller og ein viktig funksjon som arena for arbeidslivstrening for elevar på AHT.
Vi er på utkikk etter deg som ynskjer å levere god service, oppretthalde og vidareutvikle kantina som ein framifrå sosial arena for elevane ved skulen. Du må ha gode samarbeidsevner, og trivast med å arbeide med ungdom.
Stillinga er i avdeling for administrasjon og drift saman med reinhald, byggdrift og kontor. Om ein i tillegg har erfaring frå reinhald kan det og vere aktuelt med sporadiske oppdrag som vikar der. Det kan og bli sporadisk behov som tilkallingsvikar i kantina på dagar ein normalt ikkje arbeider i kantina.
Arbeidsoppgaver- Dagleg drift av kantina
- Innkjøp og menyplanlegging i samarbeid med kantinedrivar
- Produksjon og sal av mat og drikke
- Yte god service og bidra til å gjere kantina til ein framifrå sosial arena for elevane ved skulen
- Samarbeide med avdelinga for tilpassa opplæring, etablere tydelege rammer og samarbeide godt med elevar som har arbeidslivstrening i kantina
- Avstemming av kasse etter gjeldande reglar
- Halde reint i kantineområdet i samarbeid med reinhaldarane ved skulen
- Bidra ved arrangement på skulenKvalifikasjoner (overskrift)Det er ønskjeleg med erfaring frå produksjon og sal av mat i kantine, kafé, storkjøkken eller liknande.
Det er ønskjeleg med erfraring frå arbeid med ungdom.
Det er krav om politiattest for tilsetjing i skule.
Det er eit krav å beherske norsk som arbeidsspråk
Tidspunkt for når ein kan starte i vikariatet kan bli lagt vekt på i val av kandidat til vikariatet.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- Samvittighetsfull med god gjennomføringsevne
- Serviceinnstilt og positiv innstilling til ungdom
Det blir vurdert og lagt vekt på om ein er personleg egna.I denne stillinga har du rett på ei av dei sikraste pensjonsordningane i Noreg: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentlig tenestepensjon ei utbetaling som varer livet ut frå den dagen du sluttar å arbeide. Pensjonen har inkludert uføre- og etterlattepensjon. Med pensjonsrett i klp får du medlemspris på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til klp (klp.no)
KontaktinformasjonTalleiv Metveit, Avdelingsleder administrasjon, 95707272
Arbeidsstedgatan1
7454 Hotello Group
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune
Referansenr.: 5195128661
Stillingsprosent: 45%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.10.2026
النص الأصلي للإعلان
45% vikariat som kantinemedarbeidar
Vi søkjer etter ein kantinemedarbeidar til 45% vikariat. Stillinga fylgjer i hovudsak skuleåret. Dette inneber komprimert arbeidstid til 50% av ei 100% stilling i skuleåret og fri i skulen sine feriar. I stillinga ligg og nedvask av kantine etter skuleslutt, og planlegging og varebestilling før oppstart etter skuleferiar i samarbeid med den andre kantinemedarbeidaren.
Oppstart snarast/etter avtale og med varigheit fram til nyttår.
Som kantinemedarbeidar ved Vest-Telemark vgs vil du dele ansvaret for drift av kantina med ein kollega som arbeider dagane du ikkje er på jobb. Det inneber at ein har aleineansvaret for drift av kantina to og tre dagar annankvar veke. Ein har då ansvar for menyplanlegging, produksjon og sal av mat og drikke, sikre at alt er gjort i tråd med gjeldande regelverk og rutinar, innkjøp m.m. Kantina fyller og ein viktig funksjon som arena for arbeidslivstrening for elevar på AHT.
Vi er på utkikk etter deg som ynskjer å levere god service, oppretthalde og vidareutvikle kantina som ein framifrå sosial arena for elevane ved skulen. Du må ha gode samarbeidsevner, og trivast med å arbeide med ungdom.
Stillinga er i avdeling for administrasjon og drift saman med reinhald, byggdrift og kontor. Om ein i tillegg har erfaring frå reinhald kan det og vere aktuelt med sporadiske oppdrag som vikar der. Det kan og bli sporadisk behov som tilkallingsvikar i kantina på dagar ein normalt ikkje arbeider i kantina.
Arbeidsoppgaver- Dagleg drift av kantina
- Innkjøp og menyplanlegging i samarbeid med kantinedrivar
- Produksjon og sal av mat og drikke
- Yte god service og bidra til å gjere kantina til ein framifrå sosial arena for elevane ved skulen
- Samarbeide med avdelinga for tilpassa opplæring, etablere tydelege rammer og samarbeide godt med elevar som har arbeidslivstrening i kantina
- Avstemming av kasse etter gjeldande reglar
- Halde reint i kantineområdet i samarbeid med reinhaldarane ved skulen
- Bidra ved arrangement på skulenKvalifikasjoner (overskrift)Det er ønskjeleg med erfaring frå produksjon og sal av mat i kantine, kafé, storkjøkken eller liknande.
Det er ønskjeleg med erfraring frå arbeid med ungdom.
Det er krav om politiattest for tilsetjing i skule.
Det er eit krav å beherske norsk som arbeidsspråk
Tidspunkt for når ein kan starte i vikariatet kan bli lagt vekt på i val av kandidat til vikariatet.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- Samvittighetsfull med god gjennomføringsevne
- Serviceinnstilt og positiv innstilling til ungdom
Det blir vurdert og lagt vekt på om ein er personleg egna.I denne stillinga har du rett på ei av dei sikraste pensjonsordningane i Noreg: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentlig tenestepensjon ei utbetaling som varer livet ut frå den dagen du sluttar å arbeide. Pensjonen har inkludert uføre- og etterlattepensjon. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no)
KontaktinformasjonTalleiv Metveit, Avdelingsleder administrasjon, 95707272
Arbeidsstedgatan1
7454 Hotello Group
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune
Referansenr.: 5195128661
Stillingsprosent: 45%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.