Driftsoperatør
EIU- Eigedom, Vestland fylkeskommune
- مكان العمل
- BERGEN، SANDSLI، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 26/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga har ansvar for å ta vare på fylkeskommunen si byggherrefunksjon, og for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Den samla eigedomsmassen utgjer om lag 800 000 m², og omfatter vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivknutepunkt, kulturbygg og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt om lag 400 tilsette. Av desse er om lag 40 tilsette ved kontoret i Bergen.
Det er ledig ei fast 100 % stilling som driftsoperatør ved Sandsli vgs. Sandsli videregående skole ligg sentralt på Sandsli i Bergen og har om lag 700 elevar og kandidatar, inkludert vaksenopplæring, samt rundt 80 tilsette. Skolen arbeider aktivt for å vere ein open møteplass for både elevar og nærmiljø. Sandsli-området er i sterk vekst, med stor tilflytting og venta betydeleg folkeauke i åra som kjem. Skoleanlegget omfattar om lag 8 600 kvadratmeter bygningsmasse og 11 000 kvadratmeter uteareal. Driftsoperatøren vil rapportere til områdeleiar.
Den som vert tilsett vil få opplæring i drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg.
Det er krav om godkjent politiattest.
ArbeidsoppgåverDrift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg
Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt
Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen
Utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga
Ansvarleg for at bygget tilfredsstiller krava i offentlege lover og forskrifter i samarbeid med Eigedomsavdelinga
Vera eigedom sin brannvernleiar, opplæring vil bli gitt
Andre oppgåver knytt til drifta
KvalifikasjonarFagbrev med erfaring, fortrinnsvis som byggdriftar, røyrleggjar, elektrikar, automatikar eller anna relevant handverksbakgrunn
Lang erfaring innan fagområdet kan kompensera for fagbrev
Kunnskap om tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg
Kunnskap om internkontroll innan brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø
Personlege eigenskaparGode evner til kommunikasjon, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre i fylkesadministrasjonen og skulen
God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy for FDV og systematisk vedlikehald
Løysingsorientert
Vi tilbyrSpanande oppgåver i eit tverrfaglig miljø
Engasjerte og dyktige medarbeidarar
Gode moglegheiter for faglig utvikling
Organisering av eigen arbeidskvardag
Gode pensjonsordningar
Løn etter avtale
KontaktinformasjonMen van Nguyen, områdeleiar, 93230556
ArbeidsstadSandslimarka 51
5254 Sandsli
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5208940434
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.