شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Helsefagarbeidar - Svingen - helgestilling / tilkallingsvikar

Svingen/Reini, Vinje kommune

مكان العمل
VINJE، TELEMARK
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
31‏/12‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Svingen og Reini bufellesskap er moderne bufellesskap, med høvesvis 11 og 4 leiligheiter og fellesareal inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar, i alle aldrar og med ulike trong for hjelp. Her har den einskilde vedtak på tenester, og arbeidet vårt er å hjelpe den enkelte med ulike daglegdagse gjeremål. Det betyr alt frå pleie, omsorg og veiledning, til å bli med på ulike aktivitetar. I tenesta vår samarbeider me med fleire ulike instansar, spesialisthelsetenesta, tverrfagleg helseteneste i kommunen og ulike arbeidstiltak. Me har fokus på eit godt arbeidsmiljø, og er ein glad gjeng som hjelper og støttar kvarandre. Me arbeider kontinuerleg for å ha eit breitt fagleg fokus, og halde oss oppdaterte for å yte gode tilbod til bebuarane. Me legg vekt på endrings- og utviklingsarbeid, med fokus på kompetanse, tverrfagleg samarbeid, og på å ta i bruk ny teknologi. Helgestillingar med arbeid kvar 2. eller 3. helg. Tilkallingsvikarar til vekedagar og helger.  ArbeidsoppgåverSkape gode dagar for den enkelte bebuar, i høve deira ressursar og interesser  Ivareta den enkelte bebuar sine behov i eit livsløpsperspektiv  Målretta miljøarbeid og helseoppfylging hjå bebuarane    Utføre kliniske vurderingar saman med kollegaer, og fortløpande vurdere bebuar sin heilskaplege tilstand  Samarbeid med kollegaer og pårørande  KvalifikasjonarMe søkjer primært deg med ei helsefagleg utdanning, men andre kan også søkje   God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Minimum Norsk kunnskap nivå B2 Førarkort klasse B for manuelt gir Personlege eigenskaparDu bidrar aktivt til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt  Du er løysingsorientert og tek nye utfordringar  Du skapar gode relasjonar til bebuarar og pårørande Du er påliteleg, fleksibel og strukturert   Du kan jobbe både sjølvstendig og i team  Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli vektlagt   Me tilbyr Løn - Fagarbeidar / tilsv. fagarbeidarstillingar kr. 470 800 - 599 300. Stillingar utan særskild krav om utdanning kr. 491 900 - 541 100. God forsikrings- og pensjonsordning Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.  I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.  Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. KontaktinformasjonHjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218 ArbeidsstadÅmotvegen 2 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5175415072 Stillingsprosent: 30% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.