شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Miljøarbeidar. Vikariat

Sotra vidaregåande skule

مكان العمل
ØYGARDEN، SKOGSVÅG، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
26‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program. Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet. Vi søkjer etter miljøarbeidar i 53,4% vikariat ut skuleåret, med moglegheit for auka stillingstørrelse. Snarleg oppstart. Vi søkjer òg etter miljøarbeidarar som ønskjer å være tilkallingsvikarar. ArbeidsoppgåverArbeid i tilrettelagte grupper Praktisk og teoretisk oppfølging tilpassa elevane Tett oppfølging av einskilde elevar i samarbeid med føresette, lærar og andre støttefunksjonar Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega og skuleleiing Halde seg informert om utviklinga i fagfeltet og legge til rette for overgang til tilrettelagt arbeid Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt, og for at dei skal meistre livet som vaksne. KvalifikasjonarBarne og ungdomsarbeidar eller tilsvarande Søkjarar med realkompetanse på fagfeltet blir også vurdert Ønskjeleg med erfaring innan arbeid i tilrettelagt opplæring Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg Personleg eigna til arbeid med elevar med omfattande behov for hjelp Personlege eigenskaparGode evner i møte med elevar med særskilte behov og har eit særleg ønske om å arbeide med denne elevgruppa Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling. Du er fleksibel og ser moglegheiter Du har gode samarbeidsevner Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt Vi tilbyrLøn etter kvalifikasjonar. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Inkluderande og godt arbeidsmiljø. Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling. Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass. Trimgrupper for tilsette.  Andre opplysningar Den som tilsetjast må legge fram politiattest. KontaktinformasjonBeate Fossen Nordborg, Avdelingsleiar tilrettelagt Skogsvåg, 47810201 Erik Henneli, Assisterande rektor, 95826077 Olav Lee, rektor                        , 93034370 ArbeidsstadFinkelhølsvegen 10 5382 Skogsvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5207616211 Stillingsprosent: 53,4% Vikar Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 26.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.