Pedagogisk leiar og barnehagelærar
Trollongane barnehage, Time kommune
- مكان العمل
- TIME، BRYNE، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 25/09/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
I Trollongane barnehage treng vi pedagogisk leiar i 100% fast og ein i 50% vikariat. Vikariatet er satt frem til 31/7 27, men det er stor moglegheit for forlenging.
Trollongane barnehage er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Me ligg sentrumsnært på Bryne i eit roleg nabolag. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er ein praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS, me har lærlingar og i tillegg har me elevar inne i praksis frå både ungdoms- og vidaregåande skule.
ArbeidsoppgåverSom pedagogisk leiar har du ansvar for å
Bidra i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av pedagogisk arbeid.
Samarbeid med føresette og personalleiing er òg ansvarsområde som følgjer stillinga.
Legge til rette for leik og aktivitet i barnehagen tilpassa enkelt barn og til barnegruppa
Samarbeide med kollegaer og føresette
Følgje opp daglege rutinar
KvalifikasjonarGodkjent utdanning som barnehagelærar
Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28
Me legg vekt på at du er eigna til stillinga
Du må levera politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før du startar i stillinga
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskaparMe ser etter barnehagelærarar som har gode samarbeidsevner, god relasjonskompetanse og er gode på gruppeleiing.
Me ønskjer leiarar som fremjar inkludering gjennom ei autoritativ vaksenrolle.
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyrGode pensjonsordningar
Løn etter tariff
Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
KontaktinformasjonTor Inge Pettersen, Styrar, +47 40078156
ArbeidsstadKjeldevegen 1
4344 Bryne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5177408523
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikar
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 22.09.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.