Små lydar. Store augeblikk. Vil du bli vår nye audiograf?
Øre-nese-hals avdeling, Haugesund sjukehus
- مكان العمل
- HAUGESUND، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 23/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Frå dei aller første lydane i livet til samtalane rundt middagsbordet – god høyrsel betyr mykje i kvardagen. På høyresentralen vår i HAUGESUND får du vere med og hjelpe både barn og vaksne til å høyre betre.
Hos oss blir du ein del av eit erfarent team med seks audiografar som jobbar med audiologisk utgreiing og rehabilitering. Vi har trivelege lokale og ein moderne høyresentral med oppdatert teknologi og medisinteknisk utstyr. Og vi er nysgjerrige på korleis vi kan bli endå betre! Avdelinga deltek i fleire innovasjons- og forskingsprosjekt innan høyrselsomsorg.
Men det er ikkje berre faget vi er opptekne av. Her møter du dyktige og rause kollegaer som deler kunnskap, hjelper kvarandre og har det kjekt saman.
Er du nyutdanna? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi oppmodar også deg som har tilknyting til Stord eller Ullensvang om å søke.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer!
Kva går jobben ut på?Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å:
utføre audiometri og spesialprøvar
tilpasse høyreapparat og høyrselstekniske hjelpemiddel
gjennomføre kontroll og service av høyreapparat
utføre tinnitusutgreiing
gjennomføre høyrselsscreening av nyfødde
gi rettleiing og oppfølging innan høyrselsomsorg
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Vi ser etter deg som har:
norsk autorisasjon som audiograf
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Er du audiografstudent og ferdig med utdanninga i 2027? Då oppmodar vi deg òg til å søke!
Kva ser vi etter hos deg?Vi ønskjer oss ein kollega som:
møter pasientane med omsorg og ser mennesket bak høyrselsutfordringane
lyttar, forklarer på ein forståeleg måte og skaper tryggleik hos pasientane.
ser løysingar og tek tak når noko må gjerast
tek ansvar for eigne oppgåver og får ting gjort
likar å jobbe saman med andre og stiller opp for kollegaene sine
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du:
eit fagmiljø med seks audiografar som deler erfaringar og lærer av kvarandre
moderne teknologi og medisinteknisk utstyr
høve til å vere del av eit fagmiljø som arbeider med innovasjon og forsking innan høyrselsomsorg
tett samarbeid med andre faggrupper
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKenneth Wilfried Kross, Avdelingsleiar, kenneth.wilfried.kross@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5197368069
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026
النص الأصلي للإعلان
Frå dei aller første lydane i livet til samtalane rundt middagsbordet – god høyrsel betyr mykje i kvardagen. På høyresentralen vår i Haugesund får du vere med og hjelpe både barn og vaksne til å høyre betre.

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.