شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Driftsoperatør - Osland Settefisk, Sørebø

OSLAND SETTEFISK AS

مكان العمل
HØYANGER، BJORDAL، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
10‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Driftsoperatør – Osland Settefisk, SørebøLikar du praktisk arbeid, teknikk og ein variert arbeidsdag? Vi søker driftsoperatør til settefiskanlegget vårt på Sørebø. Her jobbar du med ørret frå rogn til stor-smolt, i ein kvardag med fisk, teknologi, vedlikehald og praktiske oppgåver. Du treng ikkje ha jobba med fisk før. Har du bakgrunn frå røyr, elektro, bygg eller anna praktisk arbeid, vil vi gjerne høyre frå deg. Arbeidsoppgåver·       røkting og stell i klekkeri, startfôring og vekstavdelingar ·       dagleg ettersyn av fisk og anlegg ·       vaksinering av fisk ·       vedlikehald og teknisk tilsyn ·       vask av kar og produksjonsutstyr ·       journalføring og rapportering Her må både fisken, teknikken og anlegget fungere. Vi ser difor etter folk som ser kva som må gjerast og tek tak i det. Kven ser vi etter?Vi ser etter deg som er praktisk anlagt, tek ansvar og har lyst til å lære. Du treng ikkje ha bakgrunn frå havbruk. Fagbrev eller erfaring frå akvakultur, røyr, elektro, bygg eller andre praktiske fag kan vere like relevant. Det viktigaste er at du:ppn likar praktisk arbeid og å bruke hendene har teknisk og biologisk interesse og forståing ser kva som må gjerast og tek tak i det trivst med å jobbe saman med andre beherskar norsk munnleg og skriftleg Vi tilbyr·       100 % fast stilling ·       turnus 12/9 ·       ein variert og praktisk arbeidskvardag ·       moderne anlegg ·       opplæring og gode moglegheiter til å utvikle deg ·       godt arbeidsmiljø og flinke folk rundt deg ·       konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar Velkommen til Team OslandHos Osland jobbar rundt 90 menneske med ulik bakgrunn og kompetanse. Nokre har høgare utdanning, andre er praktikarar med mange års erfaring. Det er kombinasjonen av folk, fag og erfaring som gjer oss gode. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt. Interessert?Spørsmål om stillinga? Ta kontakt med Kjetil Kalstad på 48055513. Trykk Søk nå,  så kommer søknaden til oss Søknadsfrist: 10 okt  Søknadane blir vurderte fortløpande.
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.