شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Nokre timar i veka. Stor betydning for mange ungdommar.

Aukra kommune Kultur

مكان العمل
AUKRA، MØRE OG ROMSDAL
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
02‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Bli med og skap dei gode møteplassane for ungdom i Aukra. Nokre timar i veka kan bety mykje for ein ungdom. I Aukra kommune arbeider vi for at alle ungdommar skal ha ein plass å høyre til. På våre møteplassar skal ungdom kjenne seg velkomne, få nye vennskap, oppleve meistring og bli møtt av trygge vaksne som ser dei. No søkjer vi ein miljøarbeidar i 20 % stilling som vil vere med på dette viktige arbeidet. Dette er ikkje berre ein deltidsjobb. Det er ei moglegheit til å vere med og skape dei gode opplevingane, samtalane og fellesskapa som kan bety ein forskjell i ungdomstida. Gjennom ungdomsklubb, aktivitetar og møteplassar får du vere ein viktig vaksenperson som lyttar, støttar og bidreg til at ungdom kjenner seg inkluderte og verdsette. Du blir del av eit engasjert team som kvar veke jobbar for å skape trivsel, tilhøyrsel og gode opplevingar for ungdom i Aukra.   Om stillinga Som miljøarbeidar vil du vere med å utvikle og gjennomføre aktivitetar på møteplass for ungdom både på Gossen og i Julsundet. Du får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der relasjonar, aktivitetar og ungdomsmedverknad står sentralt. Vi ønskjer å gi ungdommane i Aukra arenaer der dei kjenner at dei høyrer til, blir inkluderte og får vere seg sjølve. Derfor ser vi etter ein trygg og engasjert person som ønskjer å bidra til eit levande ungdomsmiljø i kommunen.  Arbeidsoppgåver Skape og vidareutvikle opne, trygge og inkluderande møteplassar for ungdom Planlegge og gjennomføre ungdomsklubbkveldar og «Etter skuletid» Vere ein synleg og trygg vaksenperson som byggjer gode relasjonar til ungdom Leggje til rette for aktivitetar som fremjar fellesskap, meistring og deltaking Samarbeide med ungdom, føresette, frivillige lag og kommunale tenester Bidra i planlegging av årshjul og aktivitetsplanar i samarbeid med ungdommane sjølve Delta i utviklinga av framtidas ungdomstilbod i Aukra kommune    Kvalifikasjonar Relevant utdanning, fagbrev og eller erfaring frå ungdomsarbeid er ønskeleg, men ikkje eit krav. Relevant erfaring og personleg eignaheit kan kompensere for formell utdanning Har god digital kompetanse og forståing for korleis ein kan nå ungdom gjennom digitale kanalar Har interesse for gaming, e-sport eller andre ungdomskulturelle aktivitetar Evne til å arbeide sjølvstendig innanfor dei gitte rammer Gode samarbeidseigenskapar og vere ein god rollemodell Kjennskap til og interesse for kultur i Aukra og trendar blant ungdom Har førarkort klasse B    Vi tilbyr: Ei spennande og meiningsfull stilling der du får gjere ein forskjell Moglegheit til å påverke og utvikle ungdomstilbodet i Aukra kommune Eit engasjert fagmiljø med gode kollegaer Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning Flyttegodtgjersle etter lokalt reglement   Kven er du? Du treng ikkje vere ungdom for å jobbe med ungdom. Det viktigaste er at du bryr deg om korleis ungdom har det, og ønskjer å vere ein vaksen som ser, lyttar og bidreg til at alle kjenner seg inkluderte. Kanskje er du student, har ein annan jobb ved sida av, eller ønskjer å bruke erfaringa di til noko meiningsfullt. Dersom du er god på relasjonar, likar å skape aktivitet og ønskjer å bidra til at ungdom får ein god oppvekst i Aukra, håpar vi at du søkjer. Nokre timar i veka kan utgjere ein stor forskjell. Kanskje er det nettopp du som skal vere med og skape dei gode møteplassane for ungdom i Aukra?   Særskilte krav Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding. Mangfald Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd. Søkarliste Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. Kontaktperson Kultursjef Anne Jorunn Sandøy mob. 959 07 055. Søknadsfrist 2. november 2026 Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.