Fagansvarleg rekneskap og løn
Sveio kommune
- مكان العمل
- SVEIO، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 28/09/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om stillingaVil du vere med og sikre gode og framtidsretta rekneskaps- og lønstenester i Sveio kommune?
Sveio kommune søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert fagansvarleg innan rekneskap og løn. Vi ser etter deg som ønskjer ei sentral rolle i arbeidet med å sikre kvalitet, kontroll og vidareutvikling av kommunen sine rekneskaps- og lønsprosessar.
Som fagansvarleg får du eit overordna fagleg og operativt ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn. Du vil vere med på å sikre god kvalitet i tenestene, vidareutvikle arbeidsprosessar og bidra til effektiv drift. Stillinga rapportere til økonomisjef.
Kvifor arbeide hos oss?
Hos oss får du ei viktig rolle i ein kommune der du kan vere med på å påverke, forbetre og vidareutvikle sentrale arbeidsprosessar innan rekneskap og løn. Du blir ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og får høve til å bidra både fagleg og strategisk i utviklinga av tenestene våre.
Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har:
høgare utdanning innan økonomi, rekneskap, revisjon eller tilsvarande
god kjennskap til kommunal sektor og relevant lov- og regelverk
relevant erfaring frå rekneskap, løn eller revisjon
god systemforståing og god kompetanse i Excel og administrative ikt-system
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har:
erfaring med kommunerekneskap
erfaring med Visma Enterprise Plus
erfaring frå fagleiing, rettleiing eller koordinering
ArbeidsoppgåverDu får fagleg og operativt ansvar for kommunen si rekneskaps- og lønsfunksjon, med fagleg oppfølging av fire medarbeidarar. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
fagleg ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn
sikre god kvalitet i rekneskapsføring, lønsutbetalingar, avstemming og rapportering
utvikle, forbetre og dokumentere rutinar og arbeidsprosessar
bidra i årsavslutning, tertialrapportering og budsjettoppfølging
bidra til god internkontroll og etterleving av lov- og avtaleverk
vere rådgjevar og støtte for leiarar og tilsette i spørsmål om løn og økonomi
delta i utviklingsarbeid, digitalisering og forbetring av system og arbeidsflyt
samarbeide med andre fagmiljø og eksterne aktørar ved behov
Arbeidsoppgåvene kan bli justerte ut frå kompetansen og profilen til den rette kandidaten, og i takt med utvikling av økonomifunksjonen i kommunen.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
er strukturert, grundig og har høg gjennomføringsevne
ser heilskapen,og samstundeshar kontroll på detaljer
trivst med å løyse problem og handtere komplekse problemstillingar
kommuniserer tydeleg og byggjer gode relasjonar
trivst med ansvar og har god arbeidskapasitet
Vi tilbyrUtfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
Eit fagmiljø i utvikling som du får vere med på å påverke og utvikle
Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
النص الأصلي للإعلان

god systemforståing og god kompetanse i Excel og administrative IKT-system

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.