شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Matros til hurtigbåtane i Bergen

Fjord1 - Maritim Drift

مكان العمل
BERGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
02‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
2

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vi søker no ein matros som ønsker å bli ein del av mannskapet på hurtigbåtane som trafikkerer sambandet Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta).  Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av. Ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom familieliv og fritid. Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag. Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag.       Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette. Som matros blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.  Hos Fjord1 får du ein trygg og stabil arbeidsplass med ansvar, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Ønskeleg med oppstart snarast. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver Utføre billettering, bruvakt og anna førefallande arbeid om bord Løyse arbeidsoppgåver pålagt av næraste overordna Handtere oppgåver knytt til alarminstruks og beredskap Delta i verne- og miljøarbeid for å sikre tryggleik og god drift Sikre god kundehandsaming og service for passasjerane Fortøying KvalifikasjonarFerdighetsertifikat som matros eller nok fartstid til å kunne mønstre som matros. Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftleg Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskaparVi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø. Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund. Hybelordning ved Kleppestø kai i arbeidsperioden. Turnus: 12 dagar på og 16 dagar av. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer. KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no ArbeidsstedStrandkaien 5013 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5182162236 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.10.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.