Undervisningsstillingar i ulike realfag
Vestland fylkeskommune
- مكان العمل
- BERGEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 16/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Amalie Skram videregående skole ligg i Bergen sentrum og er fylkets største skole målt i elevtal, med over 1000 elevar. Vi er ein ny og moderne skole som starta opp hausten 2014. Skolen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Medium og kommunikasjon, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, samt Sal, service og reiseliv. Totalt er det ca.130 modige, opne og kompetente tilsette. Skolen er samlokalisert med Bergen kommune sitt hovudanlegg for symjing og stup: AdO Arena.
Frå og med 09.11.26 har skolen ledig vikariat til og med 14.06.2027 i følgande fag:
Biologi 28,23%
Naturfag 25,27%
Geografi 10,11%
Kontaktlærerfunksjon 10%
Faga kan delast mellom fleire lærarar. Stillingane vert sett saman etter skolen sine behov, deriblant kva andre fag ein har i elles fagkrinsen. I alle tilsettingsprosessar knytt til tilsettingar ved skolen, må ein vere førebudd på å gjennomføre ein prøvetime om ein blir kalla inn til intervju.
NB! Skriv kva fag du søker på.
ArbeidsoppgåverUndervisning på to trinn og fleire utdanningsprogram.
Samarbeid med andre tilsette på avdelinga, og på tvers av avdelingane på skolen.
KvalifikasjonarTil alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Undervisningserfaring frå vidaregåande skole er ein fordel.
Ønskje om gode IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskaparDu trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar og lærarar.
Du bidreg til å skape gode relasjonar mellom elevar og lærarar.
Du er inkluderande, innovativ og utviklingsorientert.
Du har god pedagogisk forståing.
Du har god digital kompetanse og held deg oppdatert på ny teknologi.
Du har eit positivt menneskesyn.
Du er initiativrik og bidreg til profesjonsfellesskapet.
Du deler kunnskap og erfaringar, og tek imot rettleiing med eit ope sinn.
Vi tilbyrEit aktivt og stimulerande fagmiljø.
Nært samarbeid med kollegaer.
God delingskultur.
Ein variert arbeidskvardag med moglegheit for personleg utvikling.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
KontaktinformasjonEspen Nesheim Vaular, Avdelingsleiar, 97068925, espen.nesheim.vaular@vlfk.no
Lars Berntsen, rektor , 99757795, lars.berntsen@vlfk.no
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5189106043
Stillingsprosent: 73,6%
Vikar
Startdato: 09.11.2026
Sluttdato: 11.06.2027
Søknadsfrist: 16.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.