شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Jobbspesialist

Nav Sogndal Tenester til arbeidsgjevar 

مكان العمل
SOGNDAL، LEIKANGER، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
22‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Er du nysgjerrig, løysingsorientert og trivst med å jobbe tett på både menneske og arbeidsmarknaden? Då kan du vere vår nye jobbspesialist. Nav Sogndal er regionkontor for Nav region Sogn og vi held til i moderne lokale på Leikanger. I  Nav Sogndal er vi om lag 40 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som jobbar kvar dag for å gi heilskaplege tenester for innbyggarane i kommunen og i region Sogn. Hjå oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø, og moglegheit for både fagleg og personleg utvikling. Vi har no ledig ei 100% fast stilling som jobbspesialist i tiltaket Arbeid med støtte.  Stillinga inngår i eit regionalt team med arbeidsoppgåver for heile region Sogn og omfattar kommunane: Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Sogndal. Stillinga er ledig frå 01. januar 2027 og arbeidsstad er Nav Sogndal. Å vere jobbspesialist inneber tett og individuelt tilpassa oppfølging av arbeidssøkarar, og nær kontakt med arbeidsgjevarar, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartar. Du har tru på at alle kan arbeida eller ta utdanning dersom dei får rett støtte. Supported Employment (se) er ein strukturert arbeidsmetodikk med klare krav, samtidig som den gir rom for varierte arbeidsdagar for å nå dei fastsette måla. Hovudmålet til Nav er å bidra til arbeidsinkludering og sysselsetjing. Det er forventa at 40 prosent av arbeidstida går føre seg utanfor kontoret, saman med arbeidssøkarar og/eller arbeidsgjevarar. Som jobbspesialist får du ansvar for ei gruppe på 20 arbeidssøkarar som treng støtte til å kome ut i arbeid, ofte gjennom utdanning og kompetanseheving. Kva går jobben ut på? byggje relasjonar med arbeidssøkjarane gjennom kartlegging, motivasjon og tett oppfølging tett kontakt og samarbeid med arbeidsgjevarar for å finne dei rette arbeidsplassane tett dialog med samarbeidspartnarar, legar, behandlarar og andre samarbeide med rettleiarar ved Nav-kontora i Sogn stillinga krev at du dokumenterer aktivitetar, referat og resultat Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha  fullført utdanning på bachelornivå, til dømes innan pedagogikk, sosialfag, marknadsføring, leiing, og HR. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet. erfaring med rettleiing og oppfølging av menneske i sårbare situasjonar erfaring med oppsøkande verksemd og nettverksbygging gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg førarkort klasse B Det er ein fordel om du har erfaring med å arbeide etter se-metodikken erfaring frå sal, marknadsføring eller rekrutteringstenester kjennskap til arbeidsmarknaden i region Sogn Kven er du?god til å skape tillit og kommunisere med ulike menneske evne til å handtere krevjande situasjonar og gjere faglege vurderingar ser løysingar og tek initiativ når det er behov arbeider strukturert og prioriterer godt i ein travel arbeidskvardag engasjement for inkludering og deltaking i arbeidslivet Kvifor velje oss?spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde  eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 639 000 til 661 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.  Les meir om Nav som arbeidsgivar KontaktinformasjonJoar Strand, Metoderettleiar, 90526290, Joar.strand@Nav.noo Rigmor Wathne, Avdelingsleiar, 47286676, rigmor.wathne@Nav.no ArbeidsstedSognefjordvegen 56 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5204195193 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
النص الأصلي للإعلان
Er du nysgjerrig, løysingsorientert og trivst med å jobbe tett på både menneske og arbeidsmarknaden? Då kan du vere vår nye jobbspesialist. Nav Sogndal er regionkontor for Nav region Sogn og vi held til i moderne lokale på Leikanger. I  Nav Sogndal er vi om lag 40 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som jobbar kvar dag for å gi heilskaplege tenester for innbyggarane i kommunen og i region Sogn. Hjå oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø, og moglegheit for både fagleg og personleg utvikling. Vi har no ledig ei 100% fast stilling som jobbspesialist i tiltaket Arbeid med støtte.  Stillinga inngår i eit regionalt team med arbeidsoppgåver for heile region Sogn og omfattar kommunane: Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Sogndal. Stillinga er ledig frå 01. januar 2027 og arbeidsstad er NAV Sogndal. Å vere jobbspesialist inneber tett og individuelt tilpassa oppfølging av arbeidssøkarar, og nær kontakt med arbeidsgjevarar, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartar. Du har tru på at alle kan arbeida eller ta utdanning dersom dei får rett støtte. Supported Employment (SE) er ein strukturert arbeidsmetodikk med klare krav, samtidig som den gir rom for varierte arbeidsdagar for å nå dei fastsette måla. Hovudmålet til Nav er å bidra til arbeidsinkludering og sysselsetjing. Det er forventa at 40 prosent av arbeidstida går føre seg utanfor kontoret, saman med arbeidssøkarar og/eller arbeidsgjevarar. Som jobbspesialist får du ansvar for ei gruppe på 20 arbeidssøkarar som treng støtte til å kome ut i arbeid, ofte gjennom utdanning og kompetanseheving. Kva går jobben ut på? byggje relasjonar med arbeidssøkjarane gjennom kartlegging, motivasjon og tett oppfølging tett kontakt og samarbeid med arbeidsgjevarar for å finne dei rette arbeidsplassane tett dialog med samarbeidspartnarar, legar, behandlarar og andre samarbeide med rettleiarar ved Nav-kontora i Sogn stillinga krev at du dokumenterer aktivitetar, referat og resultat Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha  fullført utdanning på bachelornivå, til dømes innan pedagogikk, sosialfag, marknadsføring, leiing, og HR. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet. erfaring med rettleiing og oppfølging av menneske i sårbare situasjonar erfaring med oppsøkande verksemd og nettverksbygging gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg førarkort klasse B Det er ein fordel om du har erfaring med å arbeide etter SE-metodikken erfaring frå sal, marknadsføring eller rekrutteringstenester kjennskap til arbeidsmarknaden i region Sogn Kven er du?god til å skape tillit og kommunisere med ulike menneske evne til å handtere krevjande situasjonar og gjere faglege vurderingar ser løysingar og tek initiativ når det er behov arbeider strukturert og prioriterer godt i ein travel arbeidskvardag engasjement for inkludering og deltaking i arbeidslivet Kvifor velje oss?spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde  eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 639 000 til 661 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.  Les meir om Nav som arbeidsgivar KontaktinformasjonJoar Strand, Metoderettleiar, 90526290, Joar.strand@nav.noo Rigmor Wathne, Avdelingsleiar, 47286676, rigmor.wathne@nav.no ArbeidsstedSognefjordvegen 56 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5204195193 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.