Helsefagarbeidar - med muligheit for langvakter
Geiranger distrikt, Stranda kommune
- مكان العمل
- STRANDA، GEIRANGER، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 27/09/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.
Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov.
Geiranger omsorgssenter har ledig:
100% fast stilling frå 01.11.2026 med muligheit for langvakter
Kvifor velge oss:
Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
God variasjon i oppgåver og utfordringar
Fokus på trivsel og arbeidsglede
Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
Muligheit for vidareutdanning med støtte
God fastløn
Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige, heilt eller delvis, for ein tidsavgrensa periode
Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.
ArbeidsoppgåverHeilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarane ved omsorgssenteret og heimebuande
Medikamenthandtering
Dokumentasjon
Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande
Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving
KvalifikasjonarErfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav
Autorisasjon som helsefagarbeiar
Alminnelege datakunnskapar
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Personleg eignaheit vektleggast
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.
Personlege eigenskaparTrygg og Omsorgsfull
Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
Positiv og løysingsorientert
Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
Likar utfordringar
Interesse for faget
Vi tilbyrI stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.
KontaktinformasjonElisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183
ArbeidsstadMaråkvegen 36
6216 Geiranger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5144713244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.