شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

مكان العمل
MOLDE، HJELSET، MØRE OG ROMSDAL
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
27‏/09‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
2

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Ønskjer du ein jobb som verkeleg betyr noko? Då må du lese vidare! Sengepost for kreft, palliasjon og hematologi ved SNR søkjer ein engasjert sjukepleiar eller spesialsjukepleiar! Hos oss møter du pasientar med kreftsjukdom, hematologiske sjukdomar og behov for lindrande behandling. Du får ei viktig rolle i å ivareta både pasientar og pårørande gjennom krevjande og betydningsfulle livsfasar. Her får du bruke heile breidda i sjukepleiefaget, utvikle kompetansen din og bli ein del av eit sterkt fagmiljø prega av samarbeid, omsorg og fagleg stoltheit. Vi er ein sengepost i utvikling, med høgt fokus på kvalitet, fagleg vekst og eit godt arbeidsmiljø. Hos oss får du mellom anna faste fagdager i turnus, internundervisning og tett fagleg samarbeid med erfarne kollegaer. Sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og studentar arbeider tett saman i team, og vi samarbeider dagleg med andre faggrupper for å gi pasientane den beste behandlinga og oppfølginga. Vi har no ledig to faste stillingar i 100 % som sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Ved interne omrokkeringar kan det òg bli aktuelt med andre stillingar. Dersom du ønskjer ei anna stillingsstorleik, oppmodar vi deg til å søkje og oppgi ønskja stillingsprosent i søknaden. Vi tilbyr fleksibel turnus med moglegheit for langvakter både i vekedagar og helger (kvar fjerde helg), eller ordinære vakter med arbeid kvar tredje helg dersom det passar deg best. Er du sjukepleiar med interesse for kreftomsorg, palliasjon og hematologi? Verdset du eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og ei spennande og meiningsfull pasientgruppe? Då håpar vi å høyre frå deg. Vi gler oss til å motta søknaden din – kanskje er du vår nye kollega! ArbeidsoppgåverTett samarbeid med sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre faggrupper, mellom anna onkolog, hematolog, palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut Pasientane i seksjonen har ulike behov, og arbeidsoppgåvene omfattar derfor kartlegging, oppfølging og gjennomføring av tiltak tilpassa den enkelte pasienten, i samsvar med gjeldande retningslinjer KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar Relevant vidareutdanning, erfaring og kompetanse kan bli vektlagt Meistre norsk munnleg og skriftleg - minimum B2 nivå Kompetanse innan it og bruk av digitale verktøy  Personlege eigenskaparVi ser etter deg som har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdomar Du bidrar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Du er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine Du er fleksibel, positiv og endringsorientert Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.  KontaktinformasjonRagnhild Steinsland, Seksjonsleiar, +47 97483801, ragnhild.steinsland@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5177265609 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
النص الأصلي للإعلان
Ønskjer du ein jobb som verkeleg betyr noko? Då må du lese vidare! Sengepost for kreft, palliasjon og hematologi ved SNR søkjer ein engasjert sjukepleiar eller spesialsjukepleiar! Hos oss møter du pasientar med kreftsjukdom, hematologiske sjukdomar og behov for lindrande behandling. Du får ei viktig rolle i å ivareta både pasientar og pårørande gjennom krevjande og betydningsfulle livsfasar. Her får du bruke heile breidda i sjukepleiefaget, utvikle kompetansen din og bli ein del av eit sterkt fagmiljø prega av samarbeid, omsorg og fagleg stoltheit. Vi er ein sengepost i utvikling, med høgt fokus på kvalitet, fagleg vekst og eit godt arbeidsmiljø. Hos oss får du mellom anna faste fagdager i turnus, internundervisning og tett fagleg samarbeid med erfarne kollegaer. Sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og studentar arbeider tett saman i team, og vi samarbeider dagleg med andre faggrupper for å gi pasientane den beste behandlinga og oppfølginga. Vi har no ledig to faste stillingar i 100 % som sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Ved interne omrokkeringar kan det òg bli aktuelt med andre stillingar. Dersom du ønskjer ei anna stillingsstorleik, oppmodar vi deg til å søkje og oppgi ønskja stillingsprosent i søknaden. Vi tilbyr fleksibel turnus med moglegheit for langvakter både i vekedagar og helger (kvar fjerde helg), eller ordinære vakter med arbeid kvar tredje helg dersom det passar deg best. Er du sjukepleiar med interesse for kreftomsorg, palliasjon og hematologi? Verdset du eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og ei spennande og meiningsfull pasientgruppe? Då håpar vi å høyre frå deg. Vi gler oss til å motta søknaden din – kanskje er du vår nye kollega! ArbeidsoppgåverTett samarbeid med sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre faggrupper, mellom anna onkolog, hematolog, palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut Pasientane i seksjonen har ulike behov, og arbeidsoppgåvene omfattar derfor kartlegging, oppfølging og gjennomføring av tiltak tilpassa den enkelte pasienten, i samsvar med gjeldande retningslinjer KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar Relevant vidareutdanning, erfaring og kompetanse kan bli vektlagt Meistre norsk munnleg og skriftleg - minimum B2 nivå Kompetanse innan IT og bruk av digitale verktøy  Personlege eigenskaparVi ser etter deg som har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdomar Du bidrar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Du er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine Du er fleksibel, positiv og endringsorientert Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.  KontaktinformasjonRagnhild Steinsland, Seksjonsleiar, +47 97483801, ragnhild.steinsland@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5177265609 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.