Vil du vera med å gjera ein forskjell for andre? Då kan dette vera stillinga for deg
Voss herad Sosialfagleg-og ungdomsteam
- مكان العمل
- VOSS، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 06/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Nav Voss tilsett 2 jobbkonsulentar/rettleiarar i 100% fast stilling.
Om arbeidsstaden
Nav er i kontinuerleg utvikling slik at me kan gje betre tenester til innbyggjarane på Voss. Nav Voss arbeider for at flest mogleg skal koma i arbeid, eller aktivitet.
Arbeidsoppgåver
Kartleggja brukarane sine ressursar og behov, gje karriererettleiing og tilby jobbstøtte
Formidla tru på at alle menneske kan få og behalda ein jobb uavhengig av språkleg og kulturell bakgrunn
Oppsøkja arbeidsgjevarar for å skapa relasjonar og kartleggja moglegheiter for arbeidstrening, tiltak eller løna arbeid
Vera ute i lokalmiljøet og ha møte med brukarar og arbeidsgjevarar
Sosialfagleg og bustadsosial oppfylging
Arbeida etter Lov om sosiale teneste i arbeids- og velferdsforvaltninga
Kvalifikasjonskrav
Minimum treårig sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant universitets- eller høgskuleutdanning
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
God digital kompetanse
Kjennskap til arbeidsmarknaden lokalt og regionalt
Det er ynskjeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
Har gode samarbeidsevner
Er Inkluderande og god til å byggja relasjonar
Arbeider sjølvstendig og ynskjer å skapa gode resultat i fellesskap
Er løysingsorientert og høg gjennomføringsevne
Er god til å motivera og engasjera
Me tilbyr
Godt arbeidsmiljø
Utfordrande oppgåver på eit viktig samfunnsområde
Tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Offentleg pensjons. og forsikringsvilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.