شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

LIS i Nevrologi. 2 faste stillingar og 3 vikariat med oppstart februar-mars 

Nevrologisk avdeling, Helse Bergen HF

مكان العمل
BERGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
19‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
5

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vi har opningar på Nevrologisk avdeling, grip du sjansen for å vere med på "Hjernelaget"?  nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Nysgjerrig på faget vårt? Sjekk Nevropodden på Spotify! Som svar på aukande behov, har Helse Bergen frå 2025 satsa på forsterka Nevrologisk forvakt. Vi har delte dag- og nattevakter i 17 vekers turnus. Nevrologisk avdeling har ledig 2 faste stillingar for lege i spesiaLISering (LIS 2/3) i nevrologi eller etter avtale, og vi lyser på same tid ut 3 årsvikariat og varigheit ut februar 2028, med gode høve for forlenging fram til spesiaLISering i Nevrologi. Vi ønsker oppstart i stillingane 1. februar-1. mars, eller etter avtale. Vikariat kan telle som del av spesiaLIStutdanninga. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesiaLIStutdanninga i nevrologi kan gjerast her. Som LIS i avdelinga blir du involvert i forbetringsarbeidet i avdelinga, og om du får vekt interesse for spesifikke felt innafor nevrologien, er det gode høve til fordjuping undervegs i spesiaLISeringa.  Lenke til utdanningsplan nevrologi hus Om du er interessert i forsking, er det god anledning for å kombinere klinisk spesiaLISering og forskarutdanning fram mot PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire Nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga, som til dømes nevrodegenerative sjukdomar og ms, hjerneslag, nevroimmunologi, hodepine og epilepsi.  Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettleiing på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i forhold til erfaring og kompetanse.   Vi vil at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt.   Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette. Vi legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen, til dømes fagleg fordjuping heime, der det er mogleg.    For fast stilling gjeld: Etter fullført spesiaLISering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesiaLISt. ArbeidsoppgåverVurdering og oppfølging av pasientar i vakt og på sengepost  Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald på avdelinga  Gi god omsorg for pasient og pårørande LIS deltar i poliklinisk vurdering av pasientar under supervisjon Deltaking i internundervisning og praktisk undervisning for legestudentar Involvering i forbetringsarbeidet i avdelinga KvalifikasjonarDen som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i nevrologi  For vikariat kan Cand.med. med norsk autoriasjon, som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og bli vurdert dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar Søkar må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring og fagleg motivasjon Personlege eigenskaparDu har motivasjon og interesse for fagfeltet  Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo Vi tilbyrFagleg utvikling  Ein spennande og utfordrande jobb  Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst  Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonPetter Schandl Sanaker, Avdelingsjef, 55976059 Andreas Vetås, LIS-tillitsvalgt, andreas.brakvatne.vetas@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5205134936 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Startdato: 01.02.2027 Søknadsfrist: 19.11.2026
النص الأصلي للإعلان
Vi har opningar på Nevrologisk avdeling, grip du sjansen for å vere med på "Hjernelaget"?  Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Nysgjerrig på faget vårt? Sjekk Nevropodden på Spotify! Som svar på aukande behov, har Helse Bergen frå 2025 satsa på forsterka nevrologisk forvakt. Vi har delte dag- og nattevakter i 17 vekers turnus. Nevrologisk avdeling har ledig 2 faste stillingar for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi eller etter avtale, og vi lyser på same tid ut 3 årsvikariat og varigheit ut februar 2028, med gode høve for forlenging fram til spesialisering i Nevrologi. Vi ønsker oppstart i stillingane 1. februar-1. mars, eller etter avtale. Vikariat kan telle som del av spesialistutdanninga. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Som LIS i avdelinga blir du involvert i forbetringsarbeidet i avdelinga, og om du får vekt interesse for spesifikke felt innafor nevrologien, er det gode høve til fordjuping undervegs i spesialiseringa.  Lenke til utdanningsplan Nevrologi HUS Om du er interessert i forsking, er det god anledning for å kombinere klinisk spesialisering og forskarutdanning fram mot PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga, som til dømes nevrodegenerative sjukdomar og MS, hjerneslag, nevroimmunologi, hodepine og epilepsi.  Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettleiing på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i forhold til erfaring og kompetanse.   Vi vil at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt.   Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette. Vi legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen, til dømes fagleg fordjuping heime, der det er mogleg.    For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. ArbeidsoppgåverVurdering og oppfølging av pasientar i vakt og på sengepost  Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald på avdelinga  Gi god omsorg for pasient og pårørande LIS deltar i poliklinisk vurdering av pasientar under supervisjon Deltaking i internundervisning og praktisk undervisning for legestudentar Involvering i forbetringsarbeidet i avdelinga KvalifikasjonarDen som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i nevrologi  For vikariat kan Cand.med. med norsk autoriasjon, som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og bli vurdert dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar Søkar må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring og fagleg motivasjon Personlege eigenskaparDu har motivasjon og interesse for fagfeltet  Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo Vi tilbyrFagleg utvikling  Ein spennande og utfordrande jobb  Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst  Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonPetter Schandl Sanaker, Avdelingsjef, 55976059 Andreas Vetås, LIS-tillitsvalgt, andreas.brakvatne.vetas@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5205134936 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Startdato: 01.02.2027 Søknadsfrist: 19.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.