شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Helsefagarbeidar - 180 % vikariat

Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune

مكان العمل
VINJE، RAULAND، TELEMARK
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
21‏/09‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
2

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko for andre – samtidig som du får ei aktiv og innhaldsrik fritid? Me har ledig 180% helsefagarbeider på den flotte arbeidsplassen vår: 100 % vikariat som helsefagarbeider i eit år 80 % vikariat som helsefagarbeidar fram til mars 2027 I heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar og byggjer relasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenteret, som har opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen. Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen. Stillinga inngår i årsturnus med dag-, kveld- og helgevakter. Ved interne rokkeringar tilset ein også i desse. Det kan bli moglegheit for forlenging av vikariat og eventuelt fast ansettelse avhengig av avdelinga sitt behov framover. Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid.  Arbeidsoppgåver Fagleg oppfølging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta Gjennomføre kliniske vurderingar og ta faglege avgjerder i kvardagen Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, lærlingar, elevar og studentar ved behov KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsefagarbeidar Sjukepleiestudentar, elevar på sosial -og helsefag og andre med relevant erfaring kan og bli vurdert Erfaring frå pleie- og omsorgtenesta er ein fordel Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg Førarkort klasse B Personlege eigenskaparDu ynskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre Du er fagleg nysgjerrig og ynskjer å utvikle deg vidare Du er trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Du arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert Du trivst med ansvar og tek initiativ Du møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet Du har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Vi tilbyrVarierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde God opplæring og tett fagleg oppfølging Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidsplass Gode lønnsvilkår med lokal stige God forsikrings- og pensjonsordning Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.  Det er krav om politiattest og godkjend attest må leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no. KontaktinformasjonBjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553 ArbeidsstadSetali 6 3864 Rauland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5175514630 Stillingsprosent: 100, 80% Engasjement Startdato: 02.11.2026 Søknadsfrist: 21.09.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.