شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Universitetslektor (mellombels - 50 %) i logopedi

Universitetet i Bergen

مكان العمل
BERGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
07‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektorVed Institutt for klinisk og biologisk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei mellombels 50 % stilling som universitetslektor i logopedi for perioden 18. februar 2027 - 31. juli 2028.  Arbeidsoppgåver:Undervising, undervisningsadministrativt arbeid, rettleiing og sensur på masterprogrammet i logopedi. Kvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i eit fagområde som er relevant for stillinga. Søkjarar må ved oppstart i stillinga kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Søkjaren bør ha utdanningskvalifikasjonar og/eller arbeidserfaring frå praktisk logopedisk arbeid eller eit tilgrensande fagområde. Arbeidserfaring frå høgare utdanning knytt til logopedi eller eit tilgrensande fagfelt er ein føremon. Det vil vere ein føremon om søkjaren har erfaring frå FoU-arbeid og har faglege publikasjonar som er relevante for stillinga. Personlege eigenskapar, som evna til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samt gode samarbeidsevner, vil verte vektlagt. I vurderinga av søkjarane vil det bli lagt vekt på moglegheita for å tre raskt inn i undervisningsoppgåvene. Vi tilbyr:Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling Brutto årsløn som universitetslektor (kode 1009) kr 653 000 - kr 692 000. Vidare lønsopprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Medlemsskap i Statens pensjonskasse  Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde:CV Vitnemål og attestar Namn og kontaktinformasjon til tre referansar. Vedlegg som dokumenterer kvalifikasjonane dine. Publikasjonsliste/oversikt over fagleg utviklingsarbeid. Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt fem vedlegg) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  Frøydis Morken, Instituttleiar, Institutt for klinisk og biologisk psykologi, froydis.morken@uib.no og 55 58 62 87 Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.