شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Teiknspråktolk / miljøterapeut i forsterka avdeling ved Valderøy barneskule

Giske kommune, Valderøy barneskule

مكان العمل
GISKE، VALDERØYA، MØRE OG ROMSDAL
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
18‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du gjere ein forskjell for barn med store og samansette behov? Vi har ledig ei spennande og meiningsfylt stilling frå 01.01.27 der du får kombinere arbeid som teiknspråktolk, teiknspråkopplærar og miljøterapeut. Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar som ønskjer å bidra til læring, inkludering og meistring for elevar med store funksjonsnedsettingar. Stillinga er 100% vikariat, med mulighet for forlengelse. På grunn av ressursbehovet i avdelinga er stillinga er i dag fordelt slik:  ca. 60% tolk i skuletida, og ca. 40% miljøterapeut i SFO del, men lønna som 100% tolk. På denne måten blir du ein del av eit heilskapleg arbeid og fagleg miljø. Valderøy barneskule er ein skule med om lag 460 elevar der 11 av borna går i forsterka avdeling. Avdelinga er for born med store funksjonsnedsettingar, alle med stort behov for støtte og tilrettelegging i kvardagen. Saman jobbar dei tilsette for at borna skal ha gode dagar, og størst mogleg utvikling innanfor sine rammer. Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å til passe læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Vitnemål, CV og referansar må leggast inn i søknaden.   ArbeidsoppgåverTeiknspråktolking i skuletida. Gjennomføring av teiknspråkopplæring. Miljøterapeutisk arbeid i SFO. Oppfølging og støtte til barn med store funksjonsnedsettingar. Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande lærings- og fritidsmiljø. Samarbeid med føresette, lærarar, spesialpedagogar og andre fagpersonar. KvalifikasjonarKrav om bestått utdanning som teiknspråktolk, eller minimum 60 stp i teiknspråk. Tilsette med anna teiknspråkkompetanse kan og søkje. Relevant 3 årig pedagogisk, helse- eller sosialfagleg utdanning er ønskjeleg. Minimum fagarbeidarkompetanse. Erfaring med barn med funksjonsnedsettingar og samansette behov er ønskjeleg. Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig. Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: Er trygg, omsorgsfull og tålmodig. Har eit sterkt engasjement for barn og unge. Er fleksibel og løysingsorientert. Byggjer gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette. Har evne til å skape tryggleik og inkludering i kvardagen. Er lojal og pliktoppfyllande i forhold til inngåtte avtalar.  Vi tilbyrEi meiningsfull stilling der du utgjer ein forskjell i barn sitt liv. Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer. Moglegheit for fagleg utvikling. Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding. KontaktinformasjonRagnhild Hauge Steffenssen, avdelingsleiar, 40234503 Oddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464 ArbeidsstadØvstevegen 19 6050 Valderøya Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5204819251 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 18.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.