شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Operatør

Saferoad Vik Ørsta

مكان العمل
ØRSTA، MØRE OG ROMSDAL
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
20‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du bli ein del av vårt produksjonsteam for overflatebehandling?Saferoad Vik Ørsta skapar trygge samfunn med lokalproduserte sikkerheitsløysingar, og treng fleire hender for å få ut rett vare til rett kunde til rett tid. Er du ryddig, detaljorientert og ikkje redd for å ta i eitt tak når det trengst? Då kan dette vere rette stillinga for deg! Som operatør i galva vår vil du jobbe som ein del av eit team og sørge for at produkta våre får den overflatebehandlinga som krevst.  Stillinga inngår i skiftrotasjon. Vi ser etter deg som: bidreg positivt inn i eit velfungerande team har gode haldningar og lyst til å lære er initiativrik og sjølvgåande.  Det er ein fordel om du har truck- og kransertifikat.  Slik søkjer du: Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida. Har du spørsmål om opplasting av dokument? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20. Spørsmål om denne spennande stillinga? Kontakt oss: Arbeidsleiar Frank Skare, tlf. 971 29 166 Flytte til Ørsta?Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren. I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda. Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din? Stolte av produkta våre spør du?- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er. Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Saferoad Vik Ørsta! Snart 80 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 80 år til. Minst! Video: Nanseth Media Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaea
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.