ID 1074 Helgestillingar i heimebaserte tenester, havnahuset 16,9 % og 13,6 %
Havnahuset Bu- Og Servicesenter
- مكان العمل
- FITJAR، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 27/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Helgestillingar i heimebaserte tenester - Havnahuset
Vil du gjere ein forskjell for andre i kvardagen?
Fitjar kommune har ledige faste helgestillingar ved heimebaserte tenester inne sone (Havnahuset):
1 fast helgestilling på 16,9 %
1 fast helgestilling på 13,6 %
Stillingane inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Stillingane passar godt for studentar, elevar innan helsefag eller andre som ønskjer erfaring frå helse- og omsorgssektoren.
Ved Havnahuset yter me tenester til personar med ulike hjelpebehov. Me søkjer etter deg som trivst med å arbeide med menneske, viser omsorg og tek ansvar.
Arbeidsoppgåver
Praktisk bistand og pleie- og omsorgsoppgåver
Oppfølging av brukarar ut frå individuelle behov
Samarbeid med kollegaer og pårørande
Bidra til eit trygt og godt miljø for bebuarar og tenestemottakarar
Delta aktivt i avdelinga sitt daglege arbeid
Kvalifikasjonar
Gjerne sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
Studentar innan helse- og sosialfag og ufaglærte er òg velkomne til å søkje
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
Interesse for og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
Strukturert arbeidsmåte og vilje til å ta ansvar og initiativ
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på at du:
Er positiv og serviceinnstilt
Er ansvarsbevisst og påliteleg
Er fleksibel og løysingsorientert
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
God opplæring og rettleiing
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
Fitjar kommune ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato før tiltreding.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju. Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju fortløpande.
Nærare opplysningar
For spørsmål om stillingane, ta kontakt med einingsleiar Olav Sande , telefon 936 09 390 eller avdelingsleiar Kristine Østrem Vik.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.