شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Sjukepleiar/vernepleiar 52,11 % fast stilling på natt

Kviteseid omsorgsenter, Kviteseid kommune

مكان العمل
KVITESEID، TELEMARK
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
06‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vere den faglege tryggleiken gjennom natta? Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt, frå d.d. Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, som er trygg i faglege vurderingar og som ønskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre gjennom heile døgnet. Som nattevakt vil du ha ei sentral rolle i å sikre kvalitet, pasienttryggleik og god oppfølging for bebuarane våre. Om arbeidsplassen : Kviteseid omsorgssenter er ein sjukeheim med 32 plassar fordelt på fire avdelingar, inkludert nyetablert korttidsavdeling. Pasientgruppa er samansett og omfattar mellom anna personar med demenssjukdom, kroniske sjukdomar, rehabiliteringsbehov og behov for lindrande behandling. Som sjukepleiar/vernepleiar på natt har du ansvar på tvers av alle avdelingane og samarbeider tett med øvrig nattevakt for å sikre trygg og fagleg forsvarleg drift gjennom natta. Stillinga inngår i årsturnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidsoppgåver· Sjukepleie- og miljøterapeutisk oppfølging av pasientar på natt · Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon · Oppfølging av pasientar med samansette og akutte helseutfordringar · Medikamenthandtering etter gjeldande retningslinjer · Oppfølging av pasientar innan demensomsorg, palliasjon, KOLS og diabetes · Bidra til ro, tryggleik og omsorg for pasientane gjennom natta · Samarbeid med lege, legevakt og andre samarbeidspartnarar ved behov · Rettleiing og fagleg støtte til øvrige medarbeidarar på vakt · Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid · Sikre god informasjonsflyt mellom natt- og dagpersonellKvalifikasjonar· Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar · God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne · God digital kompetanse · Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid Det er ønskjeleg med erfaring frå: · Sjukeheim eller kommunehelsetenesta · Demensomsorg · Korttids- og rehabiliteringsavdeling · Palliasjon · KOLS- og diabetesoppfølging Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: · Er fagleg trygg og sjølvstendig · Har gode observasjons- og vurderingsevner · Er roleg og handlingsdyktig i utfordrande situasjonar · Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner · Er strukturert og løysingsorientert · Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø · Møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omsorg Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.   Vi tilbyr· Fast nattstilling i 52,11 % · Årsturnus · Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver · Faglege utfordringar på tvers av fire avdelingar, samt samarbeid med heimetenestene · Moglegheit til å utvikle kompetanse · Intern og ekstern undervisning · Fokus på simulering, øving og ferdigheitstrening · Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning · Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humorKontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90 21 37 57, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no ArbeidsstadLundenvegen 30 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5195144929 Stillingsprosent: 52,11% Fast Søknadsfrist: 06.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.