شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

PPT søkjer engasjert rådgjevar

Rettleiingstenesta Vestland sør, Vestland fylkeskommune

مكان العمل
STORD، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
11‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vere med å gjere ein skilnad for ungdom i Ullensvang og Sunnhordland?   Rettleiingstenesta legg til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skular, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, og rettleie vaksne. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne.   Rettleiingstenesta Vestland sør dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Vi har kontorstad på Stord og kontor ved dei vidaregåande skulane i vårt område.    Vi har ledig 100% fast stilling innan PPT med kontorstad på Stord.  ArbeidsoppgåverBidra til at vi leverer tenester med høg fagleg kvalitet til elevar og lærlingar ved å: gi spesialpedagogisk og pedagogisk råd til skulen utarbeide sakkunnige vurderingar og uttaler knytt til PPT sitt mandat gjennomføre observasjon og kartlegging innan ulike lærevanskar bidra til kompetanseutvikling i skulen med mål om å gi elevar eit best mogleg opplæringstilbod arbeide førebyggande for å sikre gjennomføring i vidaregåande samarbeide tverrfagleg internt i tenesta og eksternt med våre samarbeidspartnerar gi rettleiing og arrangere kurs utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagt til stillinga Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende. Du må rekne med mykje reiseverksemd ut til samarbeidspartnerar i regionen frå Bømlo i nord til Odda i sør.  Kvalifikasjonarutdanning på høgare nivå, fortrinnsvis innan spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi god kjennskap til og erfaring frå vidaregåande opplæring kjennskap til læreplanverket er ein fordel god munnleg og skriftleg framstillingsevne erfaring frå PPT og kartleggingskompetanse er ein fordel førarkort klasse B det er krav om politiattest før tilsetjing Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.   Personlege eigenskaparVi søkjer etter deg som: set elevane si læring og utvikling i sentrum for arbeidet er løysingsorientert, strukturert og har stor interesse for fagleg utvikling har evne til å samarbeide, men òg arbeide sjølvstendig er fleksibel, inkluderande og byggjer gode relasjonar med ungdom og kollegaer Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyrMeiningsfylt og givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring, i eit fagleg og sterkt tverrfagleg miljø. Eit uformelt arbeidsmiljø der vi heiar på kvarandre, inkluderer kvarandre og løftar kvarandre fagleg. Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune. God offentleg tenestepensjon, ei av dei sikraste pensjonsordningane i Noreg. Gode forsikringsvilkår. Stillingsnemning konsulent, rådgjevar, seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring. KontaktinformasjonRagnhild Ravna Skjærvik, leiar, 41432387, Ragnhild.Ravna.Skjaervik@vlfk.no ArbeidsstadVikastemmo 35 5411 Stord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5195707385 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.