Vernepleiar i Arbeid og inkludering
Austrheim kommune
- مكان العمل
- AUSTRHEIM، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 12/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om stillingaEr du ein engasjert og fagleg trygg vernepleiar som brenn for menneske, meistring og utvikling? Har du lyst til å bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell i kvardagen til vaksne personar med psykisk utviklingshemming og samansette behov?
Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Vi har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar i vår eining.
Hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg og inkluderande fagmiljø, der vi arbeider målretta for at kvar enkelt brukar skal få moglegheit til å leve eit trygt, meiningsfullt og mest mogleg sjølvstendig liv.
Som vernepleiar hos oss får du ei variert og meiningsfull rolle, der du får bruke breidda i vernepleiarfaget. Du vil få bruke både relasjonskompetansen din, det miljøterapeutiske arbeidet og den helsefaglege kompetansen i oppfølginga av brukarane.
Vi legg vekt på fagleg utvikling, samarbeid og refleksjon, og du vil få ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle gode og heilskaplege tenester rundt den enkelte brukar.
ArbeidsoppgåverPlanleggje, gjennomføre og evaluere målretta miljøterapeutiske tiltak
Følgje opp vaksne personar med psykisk utviklingshemming og samansette behov
Leggje til rette for meistring, deltaking, medverknad og sjølvbestemming
Kartleggje behov og utarbeide, følgje opp og evaluere individuelle mål og tiltaksplanar
Bruke vernepleiarfagleg og helsefagleg kompetanse i det daglege miljøarbeidet
Dokumentere i tråd med gjeldande lovverk og interne rutinar
Bidra i arbeid knytt til førebygging, vurdering og oppfølging etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
Samarbeide tett med brukarar, pårørande, verjer, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Bidra til gode overgangar og heilskaplege tenester rundt den enkelte brukar
Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid
Bidra til fagutvikling, kvalitetsarbeid og fagleg refleksjon
Rettleie kollegaer og bidra til eit trygt og fagleg godt arbeidsmiljø
Ivareta oppgåver knytte til legemiddelhandtering i tråd med gjeldande rutinar og kompetanse
KvalifikasjonskravKrav til kvalifikasjonar
Bachelor i vernepleie, eller at du er 3.-års vernepleiarstudent. For studentar er det ein føresetnad at utdanninga blir fullført i løpet av studieåret.
Kunnskap om målretta miljøarbeid og habilitering
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Førarkort klasse B
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
Ønskjelege kvalifikasjonar
Erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming og samansette behov
Erfaring med arbeid etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
Erfaring med fagsystemet Profil
Kven ser vi etter?Vi ser etter deg som er fagleg trygg, og som har gode evner til å gjere vurderingar og utøve fagleg skjønn. Du ser ressursane og moglegheitene hos den enkelte, og er engasjert i menneske med eit ønske om å bidra til utvikling, meistring og gode kvardagar.
Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med brukarar, pårørande og kollegaer. Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samtidig som du er ein lagspelar som bidreg positivt i fellesskapet. Vi ønskjer også at du er løysingsorientert og fleksibel, og at du har eit ønske om å bidra til utvikling av tenestene.
Du har eit positivt menneskesyn og møter andre med respekt, varme og openheit.
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Hos oss får du:langvakter på inntil 14 timar kvar fjerde helg
ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein reell forskjell
eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
moglegheit til å bruke og utvikle vernepleiarfaget aktivt
varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver
moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
kollegaer som ønskjer å spele kvarandre gode
ein arbeidskvardag med både ansvar, utfordringar og mykje glede
løn etter gjeldande tariffavtale
gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Austrheimmodellen
årsturnus
Heim til AustrheimVi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.