Toyota Norheimsund søkjer kunderådgjevar
Toyota Norheimsund
- مكان العمل
- KVAM، NORHEIMSUND، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- Snarest
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Du treng ikkje kunne alt om bil for å lukkast som kunderådgjevar hos Toyota Norheimsund. Det viktigaste er at du likar menneske, trivst med ansvar og vert motivert av å skape gode kundeopplevingar.
Som kunderådgjevar vert du bindeleddet mellom kundane våre og verkstaden. Du følgjer kunden gjennom heile besøket, frå bilen vert levert inn til nøklane vert gjevne tilbake, og syter for god kommunikasjon og ei trygg oppleving undervegs.
Du får ein variert arbeidskvardag der kundekontakt vert kombinert med koordinering, sal, ansvar for delelageret og adMINIstrative oppgåver. Nokre dagar handlar det om å finne den beste løysinga for ein kunde, andre gonger om å sjå til at delane er på plass, følgje opp ei verkstadordre eller sikre at kunden veit kva som skjer med bilen.
Du vil mellom anna:Ta imot kundar ved innlevering og utlevering av bil
Rettleie og følgje opp kundar gjennom verkstadbesøket
Identifisere behov og tilby relevante verkstadtenester
Ha ansvar for delelageret, inkludert fakturagodkjenning, og følgje opp delar og bestillingar
Bidra med logistikk knytt til dekkhotellet
Handtere ordrar og fakturering
Syte for god kommunikasjon mellom kunde og verkstad
Bidra til at kundane våre får ei best mogleg oppleving
Kven ser me etter?Me ser etter deg som naturleg set kunden først. Du er flink til å lytte, forstå behov og finne løysingar, samstundes som du klarer å halde oversikta når det er mykje som skjer.
Du trivst med menneske og kommuniserer godt med ulike typar kundar. Samstundes har du interesse for bil og ei teknisk forståing som gjer at du raskt kan setje deg inn i behova og problemstillingane til kunden.
Erfaring frå bilbransjen er ein fordel, men ikkje eit krav. Har du jobba med kundeservice, rådgjeving eller sal og kjenner deg att i rolla, vil me også gjerne høyre frå deg.
Me trur du:Har gode kommunikasjonsevner og likar kundekontakt
Er oppteken av eit godt arbeidsmiljø, og tek aktivt ansvar for å bidra til trivsel og godt samarbeid
Har interesse for bil og god teknisk forståing
Er serviceinnstilt og oppteken av gode kundeopplevingar
Er strukturert og løysingsorientert
Har god arbeidskapasitet og tek ansvar
Er komfortabel med it som arbeidsreiskap
Trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid
Kvifor Toyota Norheimsund?Hos Toyota Norheimsund vert du ein del av ein bilforhandlar i hjartet av Hardanger, der sal, verkstad, delar og dekk er samla under same tak. Gjennom samarbeidet vårt med Mekonomen er me òg fleirmerkeverkstad, og tek imot bilar av alle merke.
Du får jobbe med bilane til verdas største bilprodusent og vert ein del av eit fagmiljø der kvalitet, kontinuerleg forbetring og gode kundeopplevingar står sentralt. Me er stolte av å vere ein av Noregs beste Toyota-forhandlarar på kundetilfredsheit.
Hos oss får du mellom anna:
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Opplæring og fagleg utvikling gjennom opplæringsprogramma til Toyota
God støtte frå dyktige kollegaer
Konkurransedyktige vilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Bedriftshelseteneste og tilgang til personalhytte
Eit godt arbeidsmiljø med fokus på gode arbeidstilhøve
Moglegheita til å utvikle deg i ei solid verksemd og ein bilbransje i stor utvikling
Om Toyota NorheimsundToyota Norheimsund er ein del av Jæger Automobil AS og er Toyota-forhandlar i Hardanger. Frå anlegget vårt i Norheimsund tilbyr me mellom anna nye og brukte bilar, verkstadtenester, delar og tilbehøyr og dekkhotell. Gjennom Mekonomen tek me òg imot bilar av andre merke. Toyota har vore marknadsleiar i Kvam omtrent kvart år sidan oppstarten i 1994.
Jæger Automobil er ein del av Jægergruppen, den største bilforhandlaren på Vestlandet, og representerer Toyota, Lexus, BMW og MINI. Konsernet har over 250 tilsette og ei årleg omsetnad på 1,6 milliardar kroner.
Klar for å bli det nye andletet til Toyota Norheimsund ut mot verkstadkundane?
Er du usikker, så søk likevel.
النص الأصلي للإعلان
Du treng ikkje kunne alt om bil for å lukkast som kunderådgjevar hos Toyota Norheimsund. Det viktigaste er at du likar menneske, trivst med ansvar og vert motivert av å skape gode kundeopplevingar.
Som kunderådgjevar vert du bindeleddet mellom kundane våre og verkstaden. Du følgjer kunden gjennom heile besøket, frå bilen vert levert inn til nøklane vert gjevne tilbake, og syter for god kommunikasjon og ei trygg oppleving undervegs.
Du får ein variert arbeidskvardag der kundekontakt vert kombinert med koordinering, sal, ansvar for delelageret og administrative oppgåver. Nokre dagar handlar det om å finne den beste løysinga for ein kunde, andre gonger om å sjå til at delane er på plass, følgje opp ei verkstadordre eller sikre at kunden veit kva som skjer med bilen.
Du vil mellom anna:Ta imot kundar ved innlevering og utlevering av bil
Rettleie og følgje opp kundar gjennom verkstadbesøket
Identifisere behov og tilby relevante verkstadtenester
Ha ansvar for delelageret, inkludert fakturagodkjenning, og følgje opp delar og bestillingar
Bidra med logistikk knytt til dekkhotellet
Handtere ordrar og fakturering
Syte for god kommunikasjon mellom kunde og verkstad
Bidra til at kundane våre får ei best mogleg oppleving
Kven ser me etter?Me ser etter deg som naturleg set kunden først. Du er flink til å lytte, forstå behov og finne løysingar, samstundes som du klarer å halde oversikta når det er mykje som skjer.
Du trivst med menneske og kommuniserer godt med ulike typar kundar. Samstundes har du interesse for bil og ei teknisk forståing som gjer at du raskt kan setje deg inn i behova og problemstillingane til kunden.
Erfaring frå bilbransjen er ein fordel, men ikkje eit krav. Har du jobba med kundeservice, rådgjeving eller sal og kjenner deg att i rolla, vil me også gjerne høyre frå deg.
Me trur du:Har gode kommunikasjonsevner og likar kundekontakt
Er oppteken av eit godt arbeidsmiljø, og tek aktivt ansvar for å bidra til trivsel og godt samarbeid
Har interesse for bil og god teknisk forståing
Er serviceinnstilt og oppteken av gode kundeopplevingar
Er strukturert og løysingsorientert
Har god arbeidskapasitet og tek ansvar
Er komfortabel med IT som arbeidsreiskap
Trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid
Kvifor Toyota Norheimsund?Hos Toyota Norheimsund vert du ein del av ein bilforhandlar i hjartet av Hardanger, der sal, verkstad, delar og dekk er samla under same tak. Gjennom samarbeidet vårt med Mekonomen er me òg fleirmerkeverkstad, og tek imot bilar av alle merke.
Du får jobbe med bilane til verdas største bilprodusent og vert ein del av eit fagmiljø der kvalitet, kontinuerleg forbetring og gode kundeopplevingar står sentralt. Me er stolte av å vere ein av Noregs beste Toyota-forhandlarar på kundetilfredsheit.
Hos oss får du mellom anna:
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Opplæring og fagleg utvikling gjennom opplæringsprogramma til Toyota
God støtte frå dyktige kollegaer
Konkurransedyktige vilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Bedriftshelseteneste og tilgang til personalhytte
Eit godt arbeidsmiljø med fokus på gode arbeidstilhøve
Moglegheita til å utvikle deg i ei solid verksemd og ein bilbransje i stor utvikling
Om Toyota NorheimsundToyota Norheimsund er ein del av Jæger Automobil AS og er Toyota-forhandlar i Hardanger. Frå anlegget vårt i Norheimsund tilbyr me mellom anna nye og brukte bilar, verkstadtenester, delar og tilbehøyr og dekkhotell. Gjennom Mekonomen tek me òg imot bilar av andre merke. Toyota har vore marknadsleiar i Kvam omtrent kvart år sidan oppstarten i 1994.
Jæger Automobil er ein del av Jægergruppen, den største bilforhandlaren på Vestlandet, og representerer Toyota, Lexus, BMW og MINI. Konsernet har over 250 tilsette og ei årleg omsetnad på 1,6 milliardar kroner.
Klar for å bli det nye andletet til Toyota Norheimsund ut mot verkstadkundane?
Er du usikker, så søk likevel.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.